Lokal PST-leiar meiner å sjå ei positiv utvikling. 

mm

– Det er ikkje etablerte radikale islamistiske miljø i politidistriktet, men fleire personar med tilknyting til distriktet har mista livet i kamp i Syria, seier Laila P. Stølen, leiar for Politiets Sikkerheitsteneste (PST) i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Personane det gjeld har vakse opp på Haugalandet og flytta då dei var unge, og blitt radikaliserte etterpå.

Sjølv om det ikkje er eigne miljø her i distriktet, stadfestar Stølen at PST følgjer med på fleire personar i politidistriktet og har kalla inn fleire til bekymringssamtalar. Dette gjeld òg Stord.

– Me får meldingar frå samfunnet. Me bruker god tid til å sjekka ut desse meldingane før me gjennomfører bekymringssamtalane. Det kan visa seg at det ikkje er noko hald i meldinga, eller det kan vera at det er saker me må følgja opp vidare.

LES OGSÅ: Ber imamar ta avstand

– Korleis har utviklinga vore?

– Det kan sjå ut til at det har vore ei positiv utvikling. Fleire av bekymringssamtalane ser ut til å ha gitt effekt, seier Stølen. Ho vil ikkje seia noko om kva innhaldet i desse samtalane er.

– Målet vårt er å førebygga radikalisering slik at ingen utfører terrorhandlingar heime eller i utlandet.

LES OGSÅ: Overvakinga vil auke

– Lars Akerhaug seier at kommunane kan bli betre på å forstå radikalisering. Kva seier du til det?

– Eg veit ikkje kva kunnskap den enkelte kommune har, men me skal bidra til at kommunane får ei forståing av kva radikalisering er. Me har etablert eit godt samarbeid med kommunane, og driv blant anna eit informasjonsarbeid på skular i samarbeid med ordinært politi.

– Treng ein vera uroleg?

– Nei, eg vil ikkje seia det. Men ein treng ikkje vera naiv, heller. Ein kan aldri vita kvar neste terroråtak kjem. Difor er det viktig at ein er årvaken. Me veit at det ikkje er noko radikalisert miljø her, men haldningane til enkelte kan utvikla seg. Derfor er det viktig at ein gir beskjed om ein høyrer folk gi uttrykk for haldningar som det er grunn til å vera urolege for.

Akerhaug

Lars Akerhaug har følgt det radikale islamistiske muslimske miljøet lenge. Foto: Svein Olav Langåker

Fleire vestlendingar drepne i heilag krig
Lars Akerhaug meiner det er teikn til at islamistisk ekstremisme spreier seg i Noreg. Han meiner norske kommunar må skaffa seg meir kompetanse på radikalisering.

Kvinna som sprengte seg sjølv og ein politimann i lufta ved ein politistasjon i Istanbul 6. januar var enka etter ein jihadist frå Haugesund. Abu Aluevitsj Edelbijev var 12 år då han kom til eit asylmottak i Tysvær. Etter dette flytta familien til Haugesund, ifølgje h-avis.no. 23-åringen blei drepen i kampar i Syria i desember. Då hadde han vore kring eitt år i det krigsherja landet. Edelbijev skal ifølgje TV2 vera den trettande norske statsborgaren som er drepen i borgarkrigen i Syria.

– Eg kjenner til fleire andre Syria-fararar som kjem frå Vestlandet, sjølv om fleirtalet er frå det sentrale Austlandet, seier Lars Akerhaug. Han har jobba tett på det radikale islamistiske miljøet i Noreg som journalist for VG og Aftenposten. Hausten 2013 gav han ut boka «Norsk Jihad — muslimske ekstremister blant oss».

Denne veka fortalde han om muslimsk ekstremisme på Samtidsdagane på Høgskolen Stord/Haugesund.

LES OGSÅ: Dette er jihad

Livskriser
Lars Akerhaug vaks opp i Kolsås i Bærum. Der var det stor forskjell på rekkehusa som innfødde nordmenn budde i, og blokkene som innvandrarfamiliane budde i.

Fleire radikale islamistar har blitt rekruttert frå slike område rundt Oslo. Fleire på venstresida i politikken argumenterer for at sosiale forskjellar er ei viktig forklaring på radikalisering i muslimske miljø – frå Oslo til Frankrike.

Lars Akerhaug understrekar at det ikkje berre er eit spørsmål om klassekonflikt.

– Ofte er det livskriser inne i bildet. Det typiske er den lite praktiserande muslimen som får ei eller anna livskrise og finn svara dei leitar etter i radikal islam.

Sjølv har Akerhaug bakgrunn frå den radikale venstresida i Noreg. Han har vore blitzar og meiner bakgrunnen hans hjelper han å sjå kva mekanismar som fører folk inn i ekstremistmiljø.

– Draumen og utopien om å skapa eit heilt anna samfunn er noko av det som kan lokka.

Ideologien til dei radikale muslimane er ei bokstavtru konservativ islamsk tru. Ein trur at den vestlege verda er i krig mot islam, ein kjempar for eit storkalifat for alle muslimar gjennom heilag krig.

– Det er ei kraftfull forteljing som, for dei som trur på denne, kan forklara alt som er gale med Noreg.

LES OGSÅ: PST slår alarm om risikostudentar

– Positive teikn
– Treng ein vera bekymra?

– Eg trur at ein først ser konsekvensane om 10-20 år. Mange i miljøet uttrykker støtte og sympati for terrorhandlingar. Samtidig er ikkje Noreg det største hatobjektet. Likevel er det eit ganske stort tal norske muslimar som har slutta seg til terrorgruppa Islamsk stat. Men det er ikkje nødvendigvis slik at dei drøymer om terror i Noreg. Ein av dei sa til meg: «Me har det jo eigentleg ganske bra i Noreg».

Frå 2012 var det fleire som gjekk frå å vera sofajihadistar til å bli heilage krigarar i Syria. I fleire av trusselvurderingane sine seier PST at radikale islamistiske miljø er dei farlegaste.

– Dei har leiarar som viser ein evne og vilje til å gjera ord til handling.

Akerhaug understrekar likevel at han ser teikn til ei positiv utvikling.

– Det veks fram fleire muslimske motstemmer. Utan dei blir det veldig vanskeleg. Det er derfor veldig viktig at me støttar dei moderate muslimane, seier Lars Akerhaug.

LES OGSÅ:Vil ha meir islam i skulen

Saknar kompetanse
– Det er ikkje grunn til panikk, men det er klokt av norske kommunar å tenkja gjennom korleis ein skal møta eventuell radikalisering. Nøkkelpersonar i kommunane bør skaffa seg fenomenkompetanse på radikal islam.

– Det er ikkje faresignal at ein har på hijab. Men om ein nektar å ta personar av det andre kjønn i handa og insisterer på å ha på seg nikab, så kan det vera det, seier Akerhaug.

LES OGSÅ:– Islamkritiske miljø får meir vatn på mølla

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE