Søndagsope kan bli miljøbombe

Rapport: Så store blir klimautsleppa ved søndagsopne butikkar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimautsleppa vil auka med 4,6 prosent av om søndagane blir opna for vanleg handel. Det kjem fram i ein rapport som selskapet Damvad har utarbeida for Handelens samarbeidsutvalg (HSU). Utsleppa av klimagassar kan auka med 21.350 tonn CO2-ekvivalentar.

– Dette viser at søndagshandel er ei miljøbombe, seier leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken (bildet)  til Vårt Land.

Rapporten tilseier at effekten av å innføra 10.000 elbilar blir ete opp.

– Utsleppa vil i praksis nulla ut vedtatte miljøtiltak, seier Haltbrekken.

LES OGSÅ:Fryktar søndagsopne butikkar skal svekkja distrikta