Trendy å ha personleg trenar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trendy med eigen trenar

Det seier 42 år gamle Bjørn Atle Nævdal. Han sleit seg vekk frå det late sofalivet og trente seg i form.

– Eg visste at om eg skulle begynne å trene, då måtte eg ha hjelp. Eg trengde nokon som kunne visa meg reint praktisk korleis ting skulle gjerast, og samtidig motivere meg til å gjere mitt beste i kvar øving, seier han.

Typisk utrent
I mars i fjor opna Nr1 Fitness dørene på Lindås. Nævdal, som eigentleg alltid har vore fast bestemt på aldri å sette sin fot innom døra på eit treningsstudio, bestemte seg for å prøva.

– Eg var veldig lite aktiv, og då sett kiloene seg kjapt på, seier han. Dagleg leiar og studioets einaste personlege trenar, Line Seljelid, fortel at Bjørn Atle var typisk utrent då han kom til henne.

– Han hadde nokon kilo for mykje på kroppen og hadde dårleg haldning. No har han fått meir musklar oppe, og minka på magen, seier ho, godt nøgd med innsatsen hans.

TREND: Det er blitt meir og meir vanleg at også «mannen i gata» får seg personleg trenar. Dette er spådd å bli trend i 2015.

Sikker trening
– Ein ting som er veldig viktig for meg er å trene på ein sikker og forsvarleg måte, seier Nævdal. Han fortel at det har vore heilt avgjerande for han å få hjelp frå fagfolk.

– Eg kom som sagt rett frå sofaen, og hadde ingen erfaring med trening i studio, fortel han.

Seljelid legg til at det er viktig for henne at kundane forstår kva det vil seie å ha trenar.

– Nokre trur omtrent at dei skal kunne slenga seg på sofaen å sjå på at eg trenar, ler ho.

– Eg tenker at ho skal hjelpa meg å trena riktig, motivera meg til å stå på, og hjelpe meg med progresjonen. Når eg er trygg nok skal eg fortsetta på eiga hand, seier Nævdal.

Dagsforma
– Vi køyrer på, men ser alltid an dagsforma i det vi gjer. Har han fått i seg nok mat, kjem han rett frå jobb, har han sove dårleg? Alt er med å bestemme forma, og kor mykje ein skal ta seg ut på trening, forklarer Seljelid. Ho fortel at dei har laga seg eit skaleringssystem som skal vise kor tungt kvar øving er.

– Eg set eit tal mellom ein og ti, der ti er tyngst. Dette skal sikre at det er bra tungt, men at eg ikkje går rett i kjellaren. Samtidig skal det vera krefter att til å gje på, seier Nævdal.

Seljelid fortel at det er ein grei måte å følge med på, så har ho kontroll på forma til ei kvar tid.

Før og no
Ifølge Seljelid er Nævdal blitt ein heilt ny mann. Dette er Nævdal heilt einig i.

– Eg kjenner på at eg er mykje lettare i kroppen. Der eg tidlegare var litt tung og slapp, og gjerne helst utsette alt som heiter trening, føler eg meg i god form, og droppar sjeldan treningane, seier han. Han er som regel på treningsstudioet inntil tre gonger i veka.

– I tillegg kjem eg meg ut på tur kvar dag, og driv ein del med sykling, legg han til.

– Det er ein heilt ny kvardag, med meir energi. Dess meir ein trenar, dess meir overskot får eg.

Trend
Dette med å ha personleg trenar er blitt ei trend. Stadig fleire nyttar seg av tilbodet.

– Berre på dette året eg har drive Nr1 Fitness har eg hatt veldig mange førespurnader, og det er ei stadig vekst på mengd kundar, seier Seljelid. Ho forklarar at folk ofte er ute etter nokon som kan rettleia og motivera.

– Vi tek alltid ein prat før vi startar opp, der vi tek ein helsestatus. Her må vi ha forståing for heile kroppen, alt heng saman. Så legg vi opp ein individuelt tilpassa plan for timane framover.

– Det er mange som ikkje kunne er ute etter å gå ned i vekt. Mange ønsker seg ein sunnare livsstil, med meir aktivitet. Vi kjem saman fram til kva som passar for kvar enkelt, seier ho.

«Mata på»
– Eg hadde aldri komt hit eg er i dag, om det ikkje var for min personlege trenar. Av henne får eg det siste push' et. Viss ingen ser meg, er det altfor lett å slække av, seier Nævdal. Han har trent i rundt ti månader, og hatt gode resultat.

– Eg har gått ned 11,6 kg, noko som er heilt greitt. Ein 2–3 kg til no, og eg er fornøgd, seier han. Elles har han minka 13cm rundt midja, og 8cm rundt magen.

– Dette er veldig imponerande, seier Seljelid.

– Bjørn Atle har kunne gjort små endringar i kosthaldet, og har no totalt endra kroppsfasong og haldning, fått musklar og vorte mykje sterkare.

– Ein vert gira av gode resultat, så her er det berre å mata på, seier Nævdal. Målet framover no når vinteren forsvinn, er å henta fram sykkelen å få trent seg opp på den.

– Planen er å sykla Nordhordland rundt, smiler han.

LES SAKA I NORDHORDLAND!

TUNGE LØFT: Ein gong fekk Nævdal seg ein knekk i ryggen etter denne øvinga, så no er Seljelid enno meir påpasseleg med sikringa nettopp her.

Faktaboks

Tips for å lukkast:

1) Progresjon: Set deg realistiske mål og delmål som vil hjelpa deg til å oppnå ønskede resultat.
2) Tid: Set av tid til trening. Finn tidspunkt på dagen når det passer deg aller best å trene. Forsøk å halda på faste tidspunkt.
3) Planlegg matvareinnkjøp og måltid: Planlegg middagar og andre måltid før du handlar. Forsøk å halde innkjøp til ein gang i veka, dette gjer det enklare å planlegge resten av veka.
4) Treningspartnar: Involver ektefelle, familie, kjæraste eller venner. Gjer treninga til noko sosialt.
5) Rettleiing: Få deg hjelp av profesjonelle veiledere for å koma i gang med eit opplegg som passer for deg og din form.
6) Søvn og kvile: Husk at kroppen blir sterkare mens du kviler, sørg derfor for å få nok søvn, og halda kviledagar heilage.
7) Treningsglede: Finn aktivitetar som du trivs med. Innsats og resultat: Tren hardt og skikkeleg når du først har komme deg på trening.
8) Variasjon: Variasjon i treninga er viktig både for framgang og motivasjon. Prøv ulike treningsformer.