Digital gravferd

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur menneske i sorg har behov for andre menneske.  Det å sitje åleine med ein skjerm er ikkje nødvendigvis det beste. Samstundes kan det vere terapi i det å skrive seg gjennom ting, trur forfattar Alf Kjetil Walgermo, som er aktuell med ny bok.

«Kjære søster» er i likheit med dei to førre utgjevingane frå sunnmøringen ei lita bok om ung sorg og store eksistensielle spørsmål. Forfattaren sjølv kallar det ein slags trilogi, sjølv om bøkene er sjølvstendige verk.  

Fire år har han brukt på dei 95 sidene som vert lansert i dag.

LES OGSÅ: Svakt hjarte med sterk livsgneist

Digitalt liv og død
«Kjære søster» er innleiinga på alle dei private meldingane 16 år gamle Eli Anne skriv på veggen til veslesøstera Amalie, som døydde brått for nokre månadar sidan. Slik held ho fast på og jobbar seg gjennom sorga på same tid.

– Ein stor del av livet skjer på digitale flater. Slik trur eg det vil fortsetje og vere i framtida òg, slår forfattaren fast.

Det står aldri eksplisitt i boka, men det ligg i korta at det er på Facebook-veggen til systera at Eli Anne freistar å seie alt det usagte dei imellom.

Dei daglege, fragmenterte innlegga som utgjer den vesle romanen vert eit fast haldepunkt i ein kvardag som rasar frå kvarandre for hovudpersonen. Her ser Eli Anne attende på alle dei gode minnene med veslesystera, men får òg utløp for både skam og skuldkjensle.

LES OGSÅ: Mannetung Upris

Dei som er der
Dei digitale dilemmaa som oppstår nokon døyr kjem stadig fleire av oss borti, anten det er som nære pårørande, vener av pårørande eller vener av avdøde.

– Eg har sjølv opplevd å misse folk eg kjente godt og oppdaga at Facebook-profilane har vorte verande. Plutseleg dukkar dei opp att fleire år etterpå fordi nokon har skrive noko der. Det vert som om dei døde er tilstade utan å eigentleg vere det, forklarar 36-åringen om inspirasjonen til boka.

Walgermo understrekar at han ikkje har fasiten på kva som er riktig å gjere med dei digitale profilane når ein person døyr. Nokon pårørande vel å la profilen leve vidare, andre nyttar det som ei minneside, medan nokon vil slette den digitale profilen.

LES OGSÅ: «Bur det fe, så bur det frendar»

Den andre gravferda
I «Kjære søster» vil far slette profilen nokre månadar etter dottera sin død. Men Eli Anne er ikkje klar for å “slette” systera for godt.

Walgermo tykkjer det er spanande korleis den digitale kvardagen vår endrar dei store tinga i livet.

– Det har på ein måte oppstått eit nytt overgangsrite, der det å slette dei digitale profilane vert eit endeleg farvel – ei ny gravferd.

Denne digitale gravferda kan verte ein tidkrevjande og utfordrande prosess for dei pårørande, dersom dei ikkje har oversikt over personens digitale liv og passord. Eit raskt søk på Google avslører at problemstillinga er vanleg.

På nettsidene til Slettmeg.no skriv dei at pårørande vanlegvis må ta kontakt med nettsidene og avklare sitt forhold til avdøde når dei ber om å slette profilen. Somme nettsider krev attpåtil anten nekrolog eller dødsattest, som ein kan få på lensmannskontoret.

Walgermo har registrert at digitale testament er vorte meir vanleg. Sjølv har han ikkje teke ansvar for sitt digitale ettermæle, det får vere opp til dei pårørande.

LES OGSÅ: Til bords med døden

Frislepp av sorg
Men sjølv om det er fare for at andre kan “kuppe” sorga til dei næraste ser forfattaren òg at sosiale medier kan spele ei positiv rolle når nokon døyr. Det kan til dømes vere lågare terskel for å utrykke sympati og sorg på desse plattformene.

– Det kan ha ein fin funksjon for dei pårørande i ein sorgfase, samstundes kan det nok kjennast litt trugande fordi ein ikkje har kontroll over kva som vert uttrykt. Det vert eit slags frislepp av sorg i sosiale medier, meiner forfattaren.

Faktaboks

Alf Kjetil Walgermo (fødd 1977)

Kjem frå Sjøholt på Sunnmøre, busett i Oslo

Forfattar, journalist, litteraturkritikar og kulturredaktør i Vårt Land

Forfattardebuterte i 2006 med «Mestermøter: 100 opplevelser av Jesus fra Nasaret»

«Mor og far i himmelen» (2009) og «Mitt bankande hjarte» (2011) er dei to første bøkene i trilogien han no har avslutta

Kjelde: Wikipedia, walgermo.no