Ingen av dei 400 novellene som Gyldendal fekk inn til novellekonkurransen sin for upubliserte forfattarspirer, var gode nok, meiner forlaget. No har dei avlyst konkurransen.

(NPK):
(NPK):

– Sjølv om eg gjerne skulle sett at det var annleis, var det ingen av tekstane som var så gode at dei kunne trykkjast, seier redaktør Preben Jordal i Gyldendals litteraturtidsskrift Vinduet til Klassekampen.

Vinduet inviterte i mai i fjor ferske og upubliserte skribentar til novellekonkurranse og lovde 25.000 kroner og publisering i bladet til vinnaren. Men trass den gode responsen meinte juryen at ingen skilde seg ut og var originale nok, sjølv om «kvalitetsnivået var gjennomgående høyt».

LES OGSÅ: Er du årets nynorskbrukar?

– Eg synest det var påfallande kor få som verka interesserte i å løyse oppdraget på ein måte som vekkjer nysgjerrigheita. Er det fordi dei som vil skrive, rett og slett ikkje les nok? Blant dei 400 bidraga var det nemleg mykje tradisjonell prosa, fortel Vinduet-redaktøren. (©NPK)

LES OGSÅ: Skreiv seg til siger

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE