Får nyopretta King-pris
Ungdomsorganisasjonen Changemaker får den første Ikkjevaldsprisen på King-dagen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den tredje måndagen i januar er den offisielle King-dagen, ein nasjonal heilagdag i USA etter borgarrettsforkjemparen Martin Luther King Jr. Feiringa kjem kvart år rundt den 15. januar, som er fødselsdagen til Luther King.
LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport
– Inspirerande
Kvart år vert dagen King-dagen markert på Holtekilen folkehøgskule saman med Norges kristne råd og Det Norske Baptistsamfunn.
I år er første gang den nye Ikkjevaldsprisen vert delt ut i samband med feiringa.
Målet er å rette merksemd mot rettferd og fred med ikkjevald som reiskap.
– Ein slik pris er inspirerande for heile organisasjonen, særleg akkurat no, når me er midt i ein kampanje for å stoppe våpeneksporten til autoritære regime, seier Changemaker-leiar Hanne Sofie Lindahl på organisasjonen sine nettsider.
LES OGSÅ: Krev openheit i skatteparadis
Løysingsorientert peikefinger
Ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp får prisen for sitt arbeid for fred og for å avdekke tilhøve rundt globale problem som gjeld og kapitalflukt, global helse, internasjonal handel og klima og miljø.
Juryen har merka seg Changmaker sine kampanjar for fred og rettferd, som presenterer konkrete handlingsalternativ for ei betre verd.
For organisasjonens uredde peikefinger skal Changemaker-leiar Hanne Sofie Lindahl ta imot prisen under seremonien på Holtekilen folkehøgskule i kveld.