Månadens artist har fått mykje merksemd for å vere naken i ein musikkvideo, men freistar ikkje å vere ei overseksualisert kvinneleg popstjerne.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad

Sandra Kolstad er fødd 19. januar 1985, og oppvaksen i Bærum. Foreldra hennar var musikkinteresserte folk, og lytta mykje til musikk i heimen. Men det som vekte interessa hos Sandra, var at ho arva eit piano av oldemor si. Ho var sju år, og begynte snart å ta pianotimar. I oppveksten øvde ho fleire timar om dagen, og då ho skulle begynne på vidaregåande, var musikklina eit naturleg val. Sandra spelte klassisk piano – og på musikklina fekk ho også opplæring i klassisk song.

Etter å ha fullført vidaregåande brukte Sandra mykje av tida si på å reise – til Cuba, India og Mongolia. Ho var i ferd med å skifte interesse: Mens ho tidlegare hadde spelt klassiske stykke skrivne av andre, ville ho no skrive sin eigen musikk. I 2009 slo ho seg ned i Berlin, hovudstaden i Tyskland – ein by mange kunstnarar flyttar til, både fordi det er billig å bu der, og fordi byen har ein open og kreativ atmosfære. Same haust kom debut-EP-en hennar ut. «All that we are»hadde eit pianodrive, akustisk uttrykk. Songen «Freudian slip» vart Ukas Urørt på p3.

LES OGSÅ: Hanne Kolstø – Rastlaus musikk

Europeisk elektronika
Men fleire endringar var på trappene. Frå det akustiske bevega Sandra seg over i den elektroniske musikken. Sommaren 2010 spelte ho mellom anna på Slottsfjell- og Volumfestivalen, i ny, elektronisk drakt. Ho hadde også konsertar i Tyskland og Danmark. Kanskje på grunn av kor ho bur, har Sandra Kolstad heile vegen vore ein artist retta mot Europa.

Kolstad interesserte seg for lydbildet i det elektroniske uttrykket. Då ho begynte arbeidet med førstealbumet, bestemte ho seg dermed for å produsere det sjølv. «Crux»kom ut våren 2011 på Trust Me Records, og fekk svært gode kritikkar. Allereie året etter var neste album klart. «(Nothing Lasts) Forever»(2012) er hakket meir elektronika enn det første albumet, sjølv om det meste av lydsporet er spelt inn, ikkje programmert. Her samarbeider Kolstad med mellom andre Lucy Swann, og rapparen Son of Light – i tillegg til Petter Eldh, og lydkunstnaren Isak Eldh, som begge også bidrog på «Crux». Singelen «The Well (We Will Change It All)» vart playlista på p3, og albumet fekk positiv merksemd både i Noreg og Tyskland.

LES OGSÅ: MØ – Ei møy med meiningar

Visuell profil
Sandra Kolstad har heile tida vore ein visuelt orientert popartist, det vil seie at ho har vore oppteken av korleis ho framstår på scena og på fotografi. Ho er oppteken av at det visuelle uttrykket skal gjenspegle musikken – men også av å ikkje vere den overseksualiserte kvinnelege popstjerna. Dette kjem særleg fram i dei seinare musikkvideoane hennar: «Run Away (Where Are We frå 2012-albumet,og «Rooms», første singel frå det siste albumet hennar.

«Zero Gravity State of Mind»(2014) – ein tilstand der ein kjenner seg fri frå alle moglege reglar eller fordommar – tek eit steg attende mot det akustiske. Siste songen på albumet startar med piano og song. Men musikken kan framleis kan kallast elektronisk pop. Albumet er spelt inn i Berlin, Bergen og på Sveio, med eksterne produsentar for første gong. Mot slutten av året var det med på «årets beste album»-lista hos både Aftenposten og Dagbladet.

«My yellow heart» hadde videopremiere denne veka:

Sjå musikkvideoar frå sisteplata «Zero Gravity State of Mind» (2014):

Artikkelen stod først på trykk i Norsk Barneblad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE