Undersøker risiko knytt til koffein

Enkeltdosar av koffein på inntil 200 milligram og eit dagleg inntak på inntil 400 milligram gir ikkje grunn til uro for vaksne europearar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er to av dei førebelse konklusjonane i utkastet til risikovurdering av koffein som mattryggingsorganet i EU, EFSA, no har sendt ut på høyring.

LES OGSÅ: Kaffi får fart på minnet

Andre sentrale konklusjonar er at enkeltdosar av koffein på inntil 200 milligram heller ikkje gir grunn til uro for dei som tek dette mindre enn to timar før trening.

Gravide kvinner kan få i seg opp til 200 milligram koffein dagleg utan uro for fosteret.

For barn (3-10 år) og ungdom (10-18 år) er det trygt å få i seg 3 milligram koffein per kilogram kroppsvekt dagleg.

Enkeltdosar av koffein på 100 milligram kan for enkelte vaksne gjere at det tar lengre tid å sovne og at dei søv kortare.

LES OGSÅ: Får ikkje drikka kaffi