– Elbilar kan sprengje nettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter kvart som fleire får seg elbil, kan e-verka få ei utfordring. Ein elbil på hurtiglading krev så stor effekt at belastninga på leidningsnettet til e-verket kan bli i største laget. Til saman krevst det ikkje så mykje straum for å lade opp elbilen, men ved hurtiglading krevst det ekstremt mange watt på ein gong.

Utfordringa for e-verka er dimensjonane på leidningsnettet som forsyner området med straum, og inntakskablane til den enkelte bustaden. E-verket har ansvaret for straum fram til husveggen.

– Kablane er ikkje laga for slike effekttoppar, og viss dette problemet oppstår, er det jo eit spørsmål om kven som skal ta den rekninga, seier administrerande direktør Jan Vidar Thoresen i Lier E-verk til NRK.

Han understrekar at alt førebels har gått bra, men at dei har problemstillinga i bakhovudet.

– Folk kan fritt kan lade bilane sine frå ein vanleg stikkontakt. Det er først når dei installerer hurtigladar dette kan gi utfordringar, seier han.

LES OGSÅ: Halvparten irriterer seg over elbil-fordelar

Hurtigladestasjonar
Kommunikasjonsleiar i Norsk Elbilforening, Petter Haugneland, trur e-verkssjefane rundt om i landet kan slappe heilt av.

– Dei fleste ladar bilen frå stikkontakten, og klarer seg fint med det. Nokre gonger må ein kanskje oppsøkje ein hurtigladestasjon for å fylle opp batteriet raskt, men då finst det mange slike rundt omkring. Men det blir omtrent som ein bensinstasjon, og ingen har behov for ein bensinstasjon heime, seier Haugneland.

Men nokre vel likevel å installere hurtigladar i garasjen heime. Då må dei rekne med å punge ut for betydelege forsterkningar av straumnettet i huset. (©NPK)

LES OGSÅ: Elbilparken dobla igjen

På Twitter påpeiker Norsk Elbilforening at hurtiglading refererer til effektar frå 50 kW og oppover, noko ingen har i ein privat garasje.