Vil ha aldersgrense for omskjering

Barneombudet etterlyser meir førebyggjande arbeid mot omskjering av gutar under 16 år.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha aldersgrense

Frå 1. januar i år skal alle helseføretak tilby rituell omskjering av små gutebabyar. Vedtaket vart møtt med motstand frå både Legeforeningen, Sykepleierforbundet, Human-etisk Forbund og Barneombodet då det var ute på høyring i 2011.

LES OGSÅ: Tar til motmæle mot reservasjonsrett

Reserverte urologar
Blant norske urologar, som er dei legane som skal utføra inngrepet, er skepsisen stor. Førre veke meldte NRK Nordland at urologar i Nord-Noreg ville reservere seg mot praksisen.

Legar har høve til å reservere seg mot omskjering av guteborn, dersom helseføretaket finn andre måtar å tilby tenesta på. Helse Nord har ikkje fått til ei slik ordning, men ved St. Olavs Hospital i Trondheim og Sjukehuset Østfold tilbyr dei no rituell omskjering.

Etikkrådet i Legeforeningen meiner at deira medlemmer ikkje kan påleggast å utføra inngrepet

Både Barneombudet og Legeforeningen vil ha 16 års aldersgrense på inngrepet.

«Legeforeningen mener at de som samtykker til å selv få utført omskjæring må være over helserettslig myndighetsalder, altså fra fylte 16 år,»skriv Legeforeningen i eit brev Helsedirektoratet i februar 2014.

LES OGSÅ: Ungdommen snudde politikarane

Vil ha førebygging
Vidare viser Legeforeningen til FNs barnekonvensjon artikkel 12 om at barn har rett til å bli høyrt i saker som omhandlar dei og artikkel 24, punkt 3, som handlar om barns rett til vern mot tradisjonsbundne ritual som kan vere skadelege for helsa deira.

Barneombodet er redd det nye lovverket kan gje inntrykk av at inngrepet er risikofritt og krever at Helse- og omsorgsdepartementet opplyser foreldra om konsekvensane av omskjering.

– Me har no sendt brev til departementet der me etterlyser godt førebyggjande informasjonsarbeid mot helsestasjonar og fastlegar for å få ned forekomsten av omskjering, seier barneombod, Anne Lindboe til NRK.

Årleg vert kring 2000 gutar omskårne i Noreg. Sjølv om både jødedommen og islam krever det, er det i hovudsak muslimar som praktiserer skikken her til lands.