Silje Dæmring Styve har ofte måtte forsvara seg for at ho ikkje går på ski om vinteren.

Silje Dæmring Styve, bloggar
Silje Dæmring Styve, bloggar

Innlegget vart først publisert på bloggen Silje-Skriveri

Eg, eit vakse menneske, har i mi tidlegare historie, etter strabasiøs ferd til kvit topp, kavande med knallhard skare; Teke av ski, gått på sko, kjend hua klistra mot sveitt panne, vridd meg tissetrengt-svolten-tyrst og difor, i affekt, kasta skia. Med eit urkvinne-brøl. Eg har banna barnslege gloser, skjemt meg ut. Og det framfor andre vaksne. Eg har kollidert med bjørketre, flenga anorakkbuksa i basketaket. (Buksa var nok for trong av nettopp for lite skigåing, tenker du?) Har også krasja inn i sekkestativ på fjellet. (Er ploging og brems same teknikk, eigentleg?)

Eg har gått ut i mannespagat i T-heisen, og på teikneserievis svinga seigemannbeina mine inn att. Vart ein fin, oval, skispor sirkel. Skjulte smerta godt. ALT er true story, eg lovar. Om det vart fleire omgangar med vaksen-langrenn, så vart det vel kun med det eine forsøket på slalåm som tenåring. For å bøte på, lånte eg veninna si skijakke, ei Nevica, i neonfargar. Tyggis tyggjande, med luggen rett til værs, hadde eg i alle fall skikk på noko.

LES OGSÅ: Intergalaktisk skitur

Nye kjente sitt spørsmål nummer to, etter kvar eg kjem frå, er som regel kring tematikken ski. Og eg må peike og forklare, forsvare, bortforklare, fnise og fnyse om kvifor eg ikkje likar, ikkje pleiar, gå på ski. Og nei, for n’te gong, eg aktar ikkje prøve berre ein gong til, med skikkeleg utstyr, for at eg då skal sjå kva for ei vedunderleg oppleving det er.

LES OGSÅ: Derfor blir du forkjølt i kulda

Ikkje det at eg skal briske meg, men kva om eg seier til person X, basert på han er busett i bygd Y; Du er vel grådig god på piano du, då. Kva spelte du sist helg, nydeleg spelevær no, gode forhold. Spelar du ikkje?! Kvifor ikkje? Kva driv du på med om vinteren då?

Noko må uansett ha skrudd meg litt, smotte seg under huda på meg, etter mange år med går-ikkje-du-på-ski-samtalar. Eg har skaffa meg ellipsemaskin. Kva det er? Slik maskin for slike inne-fisar som ikkje likar ski. Høyrer på dunkemusikken min, går på ski for harde livet, ristar av meg ei lita kjensle av idioti, men syns at ”stavane” er like i vegen som før. EG kan stå på bortoverski, bakoverski, trappeski, og bevegar meg langt ut på viddene med mitt indre auga, medan eg står dørgande i ro. Fantastisk, det må du prøve, berre prøv, berre ein gong, så skal du sjå at du vert overtydd.

LES OGSÅ: Treningslyst kan styrast

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE