Fryktar søndagsopne butikkar vil svekkja distrikta

Forslaget til regjeringa om søndagsopne butikkar vil slå negativt ut for butikkane i distrikta. Det meiner fleire sentrale aktørar i bransjen og i norsk næringsliv.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For oss handlar det meir om tvang

– Det er liten tvil om at vi vil få ei svekking av distriktsbutikkane dersom det blir eit frislepp på søndagane, seier konserndirektør Per Roskifte i Norgesgruppen til Nationen.

Han viser til at dette var ein klar tendens då Danmark liberaliserte handelen.

LES OGSÅ: Hareide rustar til søndagsslag

Også kommunikasjonsdirektør Kristin Paus i Coop er skeptisk til forslaget. Ho er redd det vil føra til auka lønskostnader og høgare matvareprisar og at dette i verste fall vil føra til at butikkar må leggja ned.

– Regjeringa seier dette handlar om valfridom for folk, men for oss handlar det meir om tvang, seier Paus.

LES OGSÅ: Folkefleirtal mot søndagsope

Også direktøren for daglegvare i bransjeorganisasjonen Virke, Ingvill Størksen, fryktar forslaget vil ramma distriktsbutikkane. Det meiner ho er svært uheldig.

– Viss distriktsbutikkane går dukken, har det store konsekvensar for lokalsamfunnet og busetjinga, seier ho og peikar på at butikkane i distrikta er ein viktig møteplass og bidreg til å halda oppe busetnaden.

Tal Nationen har henta inn frå Virke viser at distriktsbutikkane alt er hardt pressa og at talet på slike butikkar dei seinare åra har gått ned med rundt tjue kvart år. (©NPK)

LES OGSÅ: Nei til søndagsopne butikkar