Nei, kva skal ein skrive om på ein dag som denne?

mm

Det er så mykje ein kan skrive om.

Martin Ødegaard, for eksempel. Det norske fotballsupertalentet. Tenåringen som har trent med sjølvaste Real Madrid denne veka. Han satt visst også på tribunen då Real Madrid møtte Atletico Madrid på onsdag. Jøss. Eg trudde ikkje han var gammal nok til å sleppe inn der eingong. Han måtte sikkert spørje om lov til å vere oppe så lenge at han fekk med seg andreomgangen. Martin Ødegaard er utrulig ung. Han er så ung han, at Ronaldo er dobbelt så gammal som han. Då er du ung, for Ronaldo er også såpass ung at det ikkje veks skjegg på han.

Eller kva med dette nye programmet til TV2? «Mitt dansecrew»? Kva er greia der? Dette er altså endå eit nytt kjendisdanseprogram. No kan det vel snart ikkje vere ein einaste kjendis igjen som ikkje har dansa på tv. Kven skulle det i så fall vere? Jan Tore Sanner? Det neste blir vel eit kjendisdanseprogram der det einaste kjendisane er kjende for er at dei har vore med i andre kjendisdanseprogram.

Regjeringa legg fram forslag om søndagsopne butikkar. Du verden. Denne regjeringa får verkelig til alt. Om dei ikkje snublar på oppløpssida, vil alle i Norge i løpet av regjeringsperioden deira kunne køyre segway rundt i butikken på søndagar.

Petter Northug går fort på ski igjen. Får håpe det ikkje er promillekontroll ute i løypa.

Joda. Det er mykje ein kan skrive om.

Eg kunne sjølvsagt også ha skrive om noko heilt anna enn dette. Det har skjedd ting denne veka som det kanskje ville vore meir naturlig å skrive om for ein sånn som meg. Store ting.

Og eg er ganske sikker på at eg ville ha klart å skrive noko bra om det også. Sjeldant bra, sannsynligvis. Originalt, kvasst. Skapt i sinne og fortviling. Om noko eg verkelig meiner og noko som faktisk bety noko. Fuglane skal vite at det ikkje er ofte ein kan seie det om noko verken eg eller andre skriv i avisene.

Men eg skriv ikkje om det.

Ikkje fordi eg har spesielt stor respekt for religiøse kjensler. Det har eg verkelig ikkje. Eg har i alle fall ikkje meir respekt for religiøse kjensler enn for andre kjensler. Definitivt ikkje. Eg liker å tru at eg har omtrent like lite respekt for alle kjensler.

Ikkje fordi eg synest det er ei tid for alt, og at dette er ei tid for forsoning og forståing. Det er forståelig om folk ikkje er spesielt forsonande no. Og det er ikkje alt ein skal forsone seg med heller.

Ikkje fordi eg meiner humor er feil i ein slik situasjon. Det er ikkje mykje eg er sikker på, men eg er ganske sikker på at hovudproblemet i verden ikkje er at folk har for mykje humoristisk sans.

Absolutt ikkje fordi eg ikkje synest dei fortener støtte, dei som har gitt veldig mykje meir enn meg for noko eg også trur på.

Ikkje fordi eg meiner det blir klamt og teitt å skrive om store ting. Det har eg ingen problem med, så lenge eg får slenge på ein litt barnslig vits i etterkant.

Ikkje fordi eg meiner det er feil eller unødvendig å provosere. Det kan faktisk vere rett så artig å provosere, og ganske forfriskande å bli provosert. Eg har lært mykje av provokasjonar, hatt stor glede av det, og mange av vennene mine ville blitt nødt til å finne seg noko anna å gjere om dei skulle slutte å seie unødvendige ting. Det hadde kanskje vore greiare, og mykje lettare å vite kva ein skulle meine om alt mulig, dersom alle berre sa og gjorde skikkelig fornuftige ting heile tida, men det er ikkje eit samfunn eg har spesielt lyst til å leve i.

Ikkje fordi eg meiner at det følgjer eit ansvar med å ytre seg, og at dette er min måte å vise ansvar på. Så viktig trur eg ikkje at eg er. Og ansvar er oppskrytt. Helst skulle eg latterliggjort så det sang, fullstendig ansvarslaust. Eg trur alle kan ha godt av at folk ler av dei.

Krenking har eg normalt heller ikkje store problem med. Berre så det er sagt.

Så det er ikkje det. Det er ikkje derfor.

Men det er farlig, altså.

Kvifor er ikkje Martin Ødegaard med i dette danseprogrammet, forresten?

Dei har kanskje aldersgrense.


Først publisert i Aftenposten 10. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE