Muruvik Vonen går av som språkdirektør
Arnfinn Muruvik Vonen går av som direktør for Språkrådet etter eige ønske.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Språkdirektøren går av
Muruvik Vonen blir fristilt frå stillinga si før åremålet går ut.
– Vonen ønskjer å jobbe meir fagleg med språk enn stillinga som leiar for Språkrådet har gitt moglegheit til.
LES OGSÅ: Språkdirektøren: – Ser ikkje så bra ut
Han har hatt permisjon frå Høgskolen i Oslo og Akershus og tiltrer der no som professor for å arbeide med teiknspråk, seier assisterande departementsråd Henning Henriksen i Kulturdepartementet.
Roy Kristiansen, som i dag er ekspedisjonssjef i departementet, vil frå 22. januar mellombels gå inn i stillinga som direktør i Språkrådet. Fram til 22. januar vil Daniel Ims, seksjonssjef i Språkrådet, fungere som direktør. (©NPK)
LES OGSÅ: Framandkrigar er årets ord