Lars Slettebø blei ikkje overraska då han høyrde om terror­angrepet i Paris måndag. Han blei sint.

Marius Knutsen, Sunnhordland
Marius Knutsen, Sunnhordland

Artikkelen var først hos Bladet Sunnhordland

– På same måte som Charlie Hebdo har lov til å provosera med ytringane sine, har dei som blir karikert lov til å reagera. Men ikkje på denne måten. Det heile er berre tragisk, seier Lars Slettebø.

Slettebø har lang fartstid som avisteiknar i Norge, og står mellom anna bak «Taakeluren» i Sunnhordland.

LES OGSÅ: Sjekk Lars Slettebø si elleville teikning av Putin og russisk mus

Han kjenner godt til det franske satiremagasinet som blei råka av terrorangrepet måndag.

– Eg elskar Frankrike og er der ofte. Når eg er der kjøper eg alltid magasinet Charlie Hebdo og avisa Le Canard Enchainé. Desse blekkene er langt framme på teikningar, og fungerer som store inspirasjonskjelder for meg, seier Slettebø.

LES OGSÅ: Difor vinn pennen alltid over sverdet

Stadfesta karikaturane
Slettebø fortel og om ein anna teiknekultur i landet.

– Avisteikningar står mykje sterkare i Frankrike enn her heime. Og teiknarane har stor tyngde i samfunnet. Dei fem som blei drepne inkludert.

– Får terroren i Paris følgjer for karikaturteiknarfaget, trur du?

– I den augneblinken terroristane utførte desse handlingane, stadfesta dei karikaturane om seg sjølve. Eg trur det er bladet og karikaturteiknarane som kjem styrkja ut av denne saka, seier Slettebø.

LES OGSÅ: – Islamkritiske miljø får meir vatn på mølla

Drapstruga i retten
– Har du nokon gong blitt truga sjølv?

– Som karikaturteiknar er eg på inga måte så dryg i det eg gjer, som det Charlie Hebdo er. Dei kan vera heilt rabiate til tider. Men eg har fått min dose kjeft, det har eg. Som rettsteiknar blei eg drapstruga ein gong. Det var ekkelt. Sjølv om det blei med trusselen, understrekar Slettebø.

LES OGSÅ: Dette er jihad

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE