Ei ny lov for å få førarkort vart innført i Russland før nyttår. Den gjer at transseksuelle og dei med «forstyrringar i seksuelle preferansar» ikkje får køyra bil.

Det er vedteke og publisert på heimesidene til russiske myndigheiter, skriv Aftenposten.

Lova som vart vedteken rett før nyttår la til ei lang rekke medisinske krav for dei som køyrer bil i landet, mellom anna fleire krav som går på seksuell orientering.

Lova skal hindra at personar med «forstyrringar i kjønnsidentitet, seksuelle preferansar og dei med psykiske lidingar  som følgje av forstyrringar i seksuell utvikling og orientering», skriv Aftenposten, som siterer lova.

LES OGSÅ: Møre bispedøme tilset ikkje homofil prest

Skuldar på mange bilulukker
Med på lista over medisinske krav for å køyra bil i Russland er og mellom anna fetisjisme, speleavhengigheit og kleptomani. Shawn Gaylord frå Human Rights Watch var raskt ute med å fordømma vedtaket, skriv Huffington Post.

– Å forby folk å køyra basert på kjønssidentitet eller uttrykk er latterleg, og er berre eit nytt døme på det russiske regimet sin metodiske redusering av generelle menneskerettar for folket sitt, skriv Gaylord på Human Rights Watch sine heimesider.

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

– Rangerer folk i a- og b-lag
Bård Nylund, leiar i Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH) er heller ikkje nådig i si vurdering av den nye lova.

– Dette er å rangera folk i a- og b-lag på ein måte som høyrer historia til, seier Nylund til Aftenposten, og samanliknar lova med rangeringa av menneskjer som vart gjort på 30-talet i store deler av Europa.

– Eg er oppriktig bekymra for kva som er neste trekk. Når ein sakte men sikkert gjennomfører den dehumaniseringa dette er eit ledd i, så veit me historisk at det fører til at ei rekke grupper blir utsett for grovare og grovare overgrep, både frå folket og myndigheitene, seier Nylund til Aftenposten.

LES OGSÅ: Vil ha våpentrening for russiske elevar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE