Molde er årets bibliotek

I skarp konkurranse med Spangereid skolebibliotek og Sølvberget i Stavanger gjekk Molde til topps i kåringa av årets bibliotek.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er årets bibliotek

Prisen blir delt ut av Norsk Bibliotekforening og blir rekna som den gjævaste eit norsk bibliotek kan få. I grunngjevinga for tildelinga heiter det blant anna:

– I ein tid med mykje offentleg armod viser dei kva ein kan få til med samlokalisering og nye tankar. Dei flotte lokala har ingenting å seia mot den aktiviteten og engasjementet som blir vist av dei tilsette.» Samarbeid og evne til nyskaping blir òg trekt fram.

– Eg vart utruleg glad. Og stolt. Me blir lagt merke til. Og det er jo det me ønskjer; å vera synlege. Det viser også at det nyttar å gjera noko utover det kvardagslege, sa biblioteksjef Evy Sisilie Bergum då nominasjonen vart kjent i november.

LES OGSÅ:– Låner faretrugande lite nynorsk

– Dette er inspirerande for oss, for kommunen og stas for dei andre institusjonane på Plassen. Det var modig gjort å satsa på dette kulturhuset. No får me igjen for det, heldt ho fram.

Dei andre nominerte biblioteka var Spangereid skolebibliotek i Vest-Agder og Sølvberget i Stavanger. Prisen vart overrekt av SV-politikar Bård Vegar Solhjell på vegner av juryen.

I 2013 var det Time bibliotek som blei kåra til Årets bibliotek.

LES OGSÅ:Her biblioteka som tronar på utlånstoppen

Alle foto: Adam Mørk – etter løyve frå Molde bibliotek