Eit stadig meir oppgitt fransk folk har gjort radikalisme akseptabelt og skapt ei jakt etter syndebukkar, seier Frankrike-ekspert om polariseringa i Frankrike og angrepet på Charlie Hebdo.

Onsdag 7. januar vart ein mørk dag for Frankrike og ytringsfridomen. Eit terrorangrep mot satireavisa Charlie Hebdo tok 12 menneskeliv, og satireteiknarane i avisa var utpeika mål som resultat av karikaturar av profeten Muhammed.

At eit slikt angrep skjedde akkurat no i Frankrike, er ikkje berre tilfeldig, men Frankrike-ekspert Franck Orban med Høgskulen i Østfold påpeiker at dette kunne skjedd kvar som helst – også i Noreg.

– At det skjer akkurat no er grunna ein kombinasjon av ulike faktorar. Blant dei kan ein nemna Frankrike sin involvering mot militante islamske grupper i mellom anna Syria og Libya, som skapar hemnlyst blant grupper som ISIS og al Qaida, samt landet sin sekulære tradisjon som set klare grenser for dei radikale sine krav om særbehandling av islam eller anna religion, seier Orban, og trekk fram forbod mot niqab og religiøse symbol i offentlege rom.

LES OGSÅ: Difor vinn alltid penn over våpen

Jakta på syndebukkar er nasjonal sport
Men om ein ser vekk frå militær aktivitet og lover om religiøse symbol, er den sosiale situasjonen i Frankrike framleis veldig anspent. Orban fortel om ei varig krisetilstand som råkar store deler av folket.

– 3,5 millionar arbeidslause og 8 millionar fattige, det skapar mistru mot det politiske systemet og styrkar spenningane mellom grupper.

Grunna dette kan det vera snakk om polarisering mellom politikarar og velgarar, og dei som er innanfor systemet eller som har falt utanfor.

– Ei veksande oppgittheit i folket gjer at radikale program både frå ytre venstre og ytre høgre ikkje lenger virkar uakseptable, og i ein slik situasjon har jakta på syndebukkar blitt ein nasjonal idrett.

Syndebukkane kan komma i fleire former, forklarar Orban. Statsleiarar, rike familiar, dei som går på trygd – eller etnisk-kulturelle grupper som innvandrarar, jødar og muslimar.

– Islamkritikken blir difor eit ledd i ei slik polarisering av samfunnet, seier Orban.

LES OGSÅ: Dette er jihad

Utnyttar situasjonen
Det negative synet som dominerer Frankrike blir brukt av høgreekstreme miljø til deira fordel, meiner Orban.

– Høgreekstreme miljø har dei siste åra bytta ut antisemittisme med islamofobi for å auka oppslutinga si. Men islamkritikken byggjer ikkje berre på noko irrasjonelt. Frankrike har den største muslimske befolkninga, med over 6 millionar. Eit mindretal har og latt seg forføra av radikal islam. Det må takast på alvor, seier Orban.

Den spente situasjonen i Frankrike kan ha hatt mykje å seia for angrepet 7. januar, men ifølgje terrorforskar Thomas Hegghammer ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), har eit angrep mot satireteiknarar som i Charlie Hebdo vore eit mål for radikale islamistar i fleire år. Det seier han til VG.

– Desse terroristane er dei første som har fått inn eit stort slag mot karikaturteiknarane. Dette har vore eit prestisjeprosjekt for radikale islamistar heilt sidan karikaturstriden braut ut. Det har vore fleire plott og småangrep, spesielt mot Jyllands-Posten, men ingen har lukkast med ein stor aksjon før no, seier Hegghammer til VG.

Karikaturstriden starta i 2005, då Jyllands-Posten publiserte sine karikaturar av profeten Muhammed.

LES OGSÅ: 5000 samla mot ekstremisme

Frykt som spreier seg
Angrepet mot Charlie Hebdo er bensin på bålet for ein allereie spent situasjon, som strekk seg utanfor dei franske grensene.

– Desse angrepa er ikkje dei første frå islamistisk hald og definitivt ikkje dei siste. Dei råkar både muslimar og ikkje-muslimar, og franske muslimar fryktar sjølvsagt å bli assimilert med terroristane. Allereie i går såg me fleire angrep mot muslimske-assosierte stader i Frankrike.

Dette fører til reaksjonar på begge sider.

– Muslimske religiøse myndigheiter har tatt ei klar stilling i denne saka, og fordømmer vald på det sterkaste. I framtida må dei spela ei sterkare rolle i forebygginga av radikalisering blant eigne medlem og ungdom. Samstundes jublar dei islamkritiske miljøa og får meir vatn på mølla.

Orban fortel at ei slik polarisering allereie har gjort seg gjeldande fleire stader i Europa, og at dette angrepet vil bli utnytta i tida som kjem.

– Den franske episoden vil bli brukt for alt den er verd av islamkritiske miljø som vil trekka ein direkte samanheng mellom islam og terrorisme, seier Orban.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE