Hareide rustar til søndagsslag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det vil vere veldig skuffande om regjeringa prioriterer ei sak som dette. Eg veit ikkje korleis forslaget vil sjå ut, men regjeringa veit veldig godt kva KrF meiner og at dette er ein veldig viktig sak for oss, seier Hareide til NTB.

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet vil kunne få støtte frå Venstre for forslaget om å opne opp for meir søndagshandel. Men Venstre set som vilkår at kommunane sjølv skal ha siste ord. Det er ikkje tilstrekkeleg for KrF.

– Det blir veldig vanskeleg for ein kommune å seie nei til søndagshandel viss nabokommunen har opna opp, seier Hareide.

LES OGSÅ: Butikksjefar kritiske til sundagsope

Brei allianse

LO-forbundet Handel og Kontor sendte torsdag eit ope brev til regjeringa der dei ber om ei grundig utgreiing av konsekvensane ved søndagsopne butikkar.

– Vi vil ta vare på søndagskjensla. Ein dag i veka som er annleis, slik den er for dei fleste av oss i dag. Er ho først borte, får vi ho aldri tilbake, heiter det i oppropet som har støtte frå ei rekke organisasjonar, blant dei arbeidsgjevarforeininga Virke.

– Forslaget frå regjeringa skal ut på høyring. Då vil det bli klart kva søndagsopne butikkar vil kunne føre til av konsekvensar. Vi har absolutt ikkje gitt opp denne saka, seier KrF-leiaren til NTB.

LES OGSÅ: Folkefleirtal mot sundagsope

– Prisauken

Høgare matvareprisar blir resultatet av regjeringsforslaget om å la butikkane halde ope også søndagar, meiner bransjen sjølv.

– Salet av mat vil ikkje auke tilsvarande utgiftene. Det betyr at butikkane ikkje får auka omsetning, berre at folk vil spreie matinnkjøpa over ein dag til, seier dagleg leiar Reidar Molthe i Dagligvarehandelen.no til VG.

– Eg skjønner ikkje kvifor regjeringa vil opne opp for noko som verken fleirtalet i folket, dei tilsette eller bransjen sjølv ønskjer, seier Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad til NTB.

Ho fryktar butikkdød i tillegg til dyrare mat.

– Eg er redd taparane vil bli mindre butikkar, då kanskje spesielt i distrikta, som ikkje har kundegrunnlag nok til å møte kostnadene ved å halde ope søndagar, seier ho.

– Viktig forslag

Kulturminister Thorhild Widvey (bildet)) meiner det er viktig av fleire grunnar å oppheve forbodet for faste utsalsstader mot å halde ope søndagar.

– Vi vil rydde opp i ein del av regelverket som er i dag, der nokre butikkar får halde ope søndagar og andre ikkje. Der er det ei forskjellsbehandling som vi vil fjerne, seier Widvey til VG.

– Vi har alle behov for kviledagar, men det er ikkje slik at vi treng å kvile same dag alle saman, tilføyer ho. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide å gjera det lettare å handla på sundagar?