Difor vinn alltid penn over våpen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

12 menneske blei drepne i terroraksjonen mot det franske satiremagasinet Charlie Hebdo onsdag 7. januar. Fleire skal òg vera skadde.

Ei rekkje karikaturteiknarar frå heile verda viser no medkjensle og sympati med dei drepne kollegaene sine.

VG-teiknar Roar Hagen kjente Tignous, ein av dei fire teiknarane som skal vera drept.

– Han hadde trongen til å uttrykka seg gjennom teikning, og har måtta bøta med livet. Det er forferdeleg, og ein høg pris å betala for ytringsfridomen, sa han til Aktuelt på NRK2 onsdag kveld.

– Difor er satire så viktig
Tidlegare redaktør i det amerikanske satiremagasinet The Onion gjev denne forklaringa på kvifor satire er så viktig:

– Satire må alltid følgja med i eit kvart fritt samfunn. Det er absolutt nødvendig. Sjølv i dei mest undertrykkande kongedømer i mellomalderen forstod dei behovet for hoffnarren, den eine som fekk lov til å fortelja sanninga gjennom latter. Det er på mange måter, den mest kraftfulle formen for ytringsfridom fordi han er retta mot makthavarane, eller dei som vil spreia hat. Det er kanarifuglen i kolgruva, eit kulturelt termometer, og det må alltid å pressa, pressa, pressa grensene av samfunnet for å sjå kor mykje det har vakse, sa Joe Randazzo til Vox.com.

Her er nokre av bilda viser korleis ytringsfridomen vil vinna:

 

 

 

 

RIP

A photo posted by Banksy (@banksy) on

 

 

#CharlieHebdo #jesuischarlie

Et bilde publisert av Anette Moi (@moioioi)