Vil ha elevane ut

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På eventyr med Stein P. Aasheim

– Elevane skal ikkje berre læra ord og tal. I utdanning ligg dette danningsomgrepet. Dei skal bli heile menneske, seier lærarstudent Catrine Hole, som meiner at elevane i større grad bør ut av klasserommet.

LES OGSÅ: Paradise Hotel meir populæt enn lærarstudiar

Friluftssatsing på Helgeland
I friluftslivets år 2015 lanserer Høgskulen i Nesna ei ny lærarutdanning med fokus på friluftsliv – eller stadbasert læring, som det heiter på nettsidene deira.

I ei pressemelding fortel rektor ved Høgskolen i Nesna, Sven Erik Forfang, at dei vonar å lokke fleire friluftsglade studentar til læraryrket gjennom den friluftsbaserte utdanninga.

Hole er ein av elevane som har studert under utviklinga av programmet, som eventyrar Stein P. Aasheim, Polarsirkelen friluftsråd og andre eksterne fagmiljø har bidrege i utviklinga av.

LES OGSÅ: Lærarstudentar vert verande

Verda ute – skulen inne
Hole driv bloggen «Lærerstudenten» og er no i gang med ei bacheloroppgåve om undervisning utfor klasserommet. 34-åringen meiner at alle lærarutdanningar burde ha meir fokus på friluftsliv.

– Det handlar om å utfordra det som er normalen i dag. Det er blitt slik at me underviser inne, medan unntaket er å gå ut. Ein får ein distanse til den verkelege verda, og nyttar ord og bilete for å forklare det som er der ute.

Studenten ser mange fordelar med å ta meir av læringa ut av klasserommet. Helsemessige fordelar, handfast læring og eit betre psykososialt miljø er nokre av dei.

Særleg dei helsemessige fordelane – både fysiske og psykiske – tykkjer den framtidige læraren er viktig.

Ho har sett uteeffekten i praksis.

LES OGSÅ: Innfører femårig lærarutdanning på masternivå

Snu på pulten
At gutar er skuletaparar har nesten vorte eit mantra dei siste åra.

Det kan synast som skulen er laga for jenter. Dei får i snitt 4 grunnskolepoeng meir enn gutane og jentene ligg nesten eitt år framfor gutane i lesing.

Kanskje kan meir undervisning ute snu litt på ubalansen mellom dei som meistrer skulen og dei som ikkje gjer det?

– Det er ikkje normalt for born å sitje seks timar ved ein pult, men nokon klarar å presse seg til det. Det er spanande å sjå korleis dynamikken skiftar når dei får nye utfordringar. Dei som meistrar godt i klasserommet, vert vinnarane i skulen. Skulen er fagretta og eignar seg godt for dei såkalla bokflinke. Med andre utfordringar kan det skifte og fleire får moglegheita til å meistre, forklarar Hole.

LES OGSÅ: Elevar utan lærarar i framtidas skule

Treklatretryggleik
Ho er klar over at det å kome seg ut er eit tiltak, men peikar på at det ikkje er all verda som skal til. Det krev berre litt vilje og at ein tenkjer nytt.

– Spørsmålet er om ein skal sage ned alle trea i skulegarden fordi det er farleg å klatre i dei, eller om ein skal gje borna reelle utfordringar som skapar robuste born. Ein skal ikkje undervurdere born, dei tåler meir enn me trur, avsluttar Hole, som sjølv har fått kjenne at ho har klart tøffare turar i studietida enn ho trudde.


Her prøver Catrine Hole hundeslede på ekspedisjon. Foto: Hans Petter Sørensen