Større konkurranse innan utdanning og forsking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Må konkurrera meir om pengar

Det går fram av rapporten kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) tok imot onsdag. Ekspertgruppa som blei nedsett i mai i fjor, har hatt i oppgåve å gjennomgå og evaluere heile finansieringssystemet for høgare utdanning det siste halve året.

LES OGSÅ: Ikkje liksom-forsking

– Veldig kort summert opp blir det foreslått ein reform av dagens finansieringssystem og ikkje ein revolusjon, seier Røe Isaksen til NTB.

Endringane inneber blant anna at det vil bli meir konkurranse mellom universitet og høgskular om pengar, og at institusjonane får meir påskjøning for deltaking i europeiske forskings- og utdanningsprogram. (©NPK)

LES OGSÅ: Effekten av tospråklegheit kan vera overdriven