I 2015 skal fleire ut på tur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klart for friluftsåret 2015

Startskotet for den nasjonale satsinga går 13. januar.

– Konseptet rundt opninga er 24 timar i friluft. Vi ventar sjølvsagt ikkje at folk skal vera ute heile døgnet, men vi vil visa at friluftslivet er ope 24 timar i døgnet sju dagar i veka, seier prosjektleiar Tonje Refseth for Friluftslivets År 2015 til Nynorsk pressekontor.

Ho fortel at alle ordførarane i landet blir oppmuntra til å sova ute under open himmel natt til opningsdagen. Målet er å inspirera andre til å koma seg ut.

– Vi ventar ikkje at alle andre skal gjera det same, men vi håpar alle vil nytta 13. januar til å vera litt ute.

LES OGSÅ: Ny villmarkslinje på vidaregåande

Verdiane i nærmiljøet
Friluftsåret har blitt arrangert to gonger tidlegare, i 1993 og 2005.

– Tanken var å gjera dette kvart tiande år for å minna folk på det fantastiske friluftslivet vi har, seier Refseth. Ho trur nordmenn har blitt litt bevisstlause når det gjeld å sjå goda rundt seg.

No prøver friluftsåret nytt å få folk opp av sofaen og opna auga for alle moglegheitene vi har rett utanfor stovedøra.

– Visjonen vår er å få fleire ut oftare, helst i sitt eige nærmiljø, seier Refseth.

– Ein ting er at søndagsturane er i ferd med å forsvinna, men endå verre er det at dagsturane nesten er borte. Det å nyta naturen ein halv time kvar dag er difor vel så viktig – om ikkje viktigare enn dei tre timane om søndagen.

Ho strekar under at å gå ein tur har mykje å seia både for den fysiske og psykiske helsa.

LES OGSÅ: Virtuell natur gjer oss godt

Barn og barnefamiliar
Barn, ungdom og barnefamiliar er dei viktigaste målgruppene for friluftsåret.

– Viss folk får gode opplevingar i friluft som barn, trur vi fleire vil plukka opp att dette seinare, seier Refseth.

Ho peikar på at mange foreldre i dag er utrygge og redde for å sleppa barna ut på eiga hand. Resultatet blir ofte mykje innesitjing.

– Vi ser også at mange barnefamiliar opplever det som ei utfordring kva dei skal gjera når dei er saman, seier Refseth. Ho minner om at vi lever i eit egosamfunn der vaksne ofte går på aerobic eller tek seg ein joggetur når barna er på organiserte idrettsaktivitetar.

– Når familien skal vera saman utan å ha noko spesielt på programmet, blir dei usikre på kva dei skal gjera. Det å fremja gode aktivitetar for barnefamiliar er difor veldig viktig for oss.

LES OGSÅ: Går og bloggar Noreg på langs

Tilbake til det enkle
Frilufts-generalen trur folk tek til å bli lei av det overdådige og vil tilbake til det enkle.

– Vi ser til dømes at fleire og fleire barnefamiliar er opptekne av natur og miljø i høve til klima. Viss vi greier å vekkja interessa deira for at vi skal ta vare på naturen anten på grunn av estetisk glede eller på grunn klima, må vi få dei til å ta barna med ut i naturen, seier Refseth.

Ho trur denne trenden er så pass stor at det kan gje friluftsåret eit løft.

LES OGSÅ: Gründer på fottur


Familien Eitrem Nondal i Odda skal inspirera barnefamiliar til å koma seg ut på tur. F.v.: Ingebjørg Eitrem Nondal, Torgeir Nondal med barna Andreas, Ida og Ingrid. (Foto: Privat).

Frilufts-ambassadørar
For å spreia friluftsgleda til fleire, har prosjektet knytt til seg ulike frilufts-ambassadørar rundt om i landet. På bloggen «Utetid» fortel familien Eitrheim Nondal i Odda om korleis det er mogleg å ha eit aktivt friluftsliv med tre barn på sju, seks og eitt år. 

– I 2014 bestemde dei seg for at dei skulle gjennomføra 100 kvardagsturar. Familien har vore mykje ute i all slags vêr og skal halda fram med det i 2015. Dei er utruleg gode ambassadørar for andre barnefamiliar og viser at det er mogleg å koma seg ut trass tre barn, kulde og uvêr, seier Refseth.

Bloggen «Utetid» er også nominert til verdas beste nynorske blogg i Framtida.no si kåring.

Frilufts-ambassadørane Tonje Helene Blomseth (20), som har gått Noreg på langs, og villmarksjenta Maria Grøntjernet (16), som har vore over heile Noreg, skal inspirera ungdom til å koma seg ut.

Også fleire andre bloggarar skal bidra til å auka gleda av friluftsliv. Mellom anna vil kokken Andreas Viestad auka medvitet om allemannsretten og visa korleis folk kan hausta frå naturen og laga mat på berekraftig vis.

LES OGSÅ: Aktiv på festival

– Finn din aktivitet!
Refseth meiner det viktigaste er at kvar og ein finn fram til ein aktivitet som er meiningsfull for dei.

– For enkelte betyr det kanskje toppturar og ekstreme aktivitetar, for andre er det kanskje gåturar langs elva der dei kan sjå fin natur, få frisk luft og kanskje oppleva kulturminne rundt seg.

Manglar du idear til kva du skal finna på, kan du ta ein titt på nettsidene til Friluftslivets år 2015. Der finn du massevis av tips til aktivitetar og inspirasjon til korleis du kan koma i gang. Friluftslivets år 2015 er også Facebook.


Villmarksjenta Maria Grøntjernet skal spreia friluftsglede til andre ungdommar. (Foto: Privat).

Faktaboks

Fakta om Friluftslivets År 2015:

• Prosjekteigar: Klima- og miljødepartementet

• Prosjektleiing: Miljødirektoratet

•  Praktisk ansvar for gjennomføring: Norsk Friluftsliv

•  Mål: Få fleire til å driva friluftsliv jamleg

•  Nettadresse: http://www.friluftslivetsar.no/

•  Tips for barnefamiliar: www.utetid.net