Eit mareritt for hunden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først publisert hos Vikebladet

Det naturlege instinktet til dyr er å stikke av når det høyrer høge lydar og smell. Nyttårsaftan stressar dyra.

Veterinær Camilla Kongsrud har nokre tips om korleis dyra lettare kan kome seg gjennom kvelden:

– Viss det finst eit lydtett rom i huset, helst utan vindauge, gjerne eit bad eller ein kjellar, så er det fint om hunden får ligge der. Trekk føre gardinene, så hunden ikkje blir skremt av lyset.

LES OGSÅ: Hunden din blir faktisk sjalu

– Ei hole med teppe gir tryggheit. Gi gjerne eit tyggebein som han kan kose seg med. Sett på radio med litt høg musikk når det smell som verst.

– Lukthormon som "adaptil" for hund, eller "Ferliway" for katt kan pluggast i veggen. Desse verkar til å roe dyra.

– Gå ein lang tur med hunden tidleg på dag før det begynner å bli  mørkt. Gjerne ein fjelltur, slik at hunden er godt sliten.

LES OGSÅ: Mange hundar blir redde på nyttårsaftan

Veterinær Camilla Kongsrud seier til NRK at når hunden er svært redd, er det viktig å late som ingen ting.

– Ikkje trøst hunden om han er redd, dette forsterkar angsten. Og bruk ikkje straff. Det beste du kan gjere er å vere roleg. Gjesp, vis at du kjedar deg. Dette signaliserer ro.

– Hundar reagerer ulikt. Nokre blir hysteriske og kan tisse og bæsje på seg. Andre kloarar på dører og nokre kastar seg over eigarane og vil ha trøst.

– For nokre hundar er angstdempande medikament einaste utveg. Tablettar dempar den verste angsten, men er ikkje nok for dei dyra som verkeleg slit.

Tablettane bør gjevast FØR rakettane blir skotne opp. Dei har liten verknad dersom hunden allereie er i panikk.

LES OGSÅ: Hunden Fibi ammar katten Gerd

Kjelde: Veterinær Camilla Krogsrud v/Skien Dyrekinikk, mattilsynet.no, agria.no

Meir å lese frå Vikebladet: Hundre ulsteiningar

Meir å lese: Hund i vegbana

Meir å lese: Varer for fleire hundre tusen er stolne