Mange hundar blir redde på nyttårsaftan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik roar du hunden i kveld

Nyttårsaftan er ein kveld som er stressande for mange hundar. Sterke lydar, lys og fulle personar er faktorar som gjer hundane redde. Dette fortel dyrlege Siv Lødemel.

– Kva kan ein gjere for at hundane skal ha det best mogleg denne kvelden?

– Nokre ting kan ein gjere i forkant, slik som å kjøpe inn eit duftstoff i form av spray eller adopter som ein pluggar inn i ei kontakt. Denne behandlinga gjer hunden rolegare, fortel Lødemel.

– Hundane kan også ete mat som inneheld roande stoff, informerer dei.

– Kva med kattar?

– Dei må også vere innandørs. Helst heile dagen, sidan folk tek til å sende opp rakettar ganske tidleg. Dersom katten din er ein utekatt, må den få eit innedo denne dagen. Kattar blir også redde, men dei går som regel å gøymer seg, seier dei.

Det er også mogleg å nytte roande duftstoff til kattar.

Hege Lystad har sjølv tre hundar. Ho trimmar dei godt på nyttårsaftan slik at dei er slitne til kvelden. Dei får også innepakka mat som dei må jobbe med å få ut, slik at dei vert avleia frå dei verste smella utandørs.

Ikkje trøyste
Hege Lystad meiner at ein som hundeeigar til ein kvalp skal ta det heilt med ro første året.

– Har du ein ung hund som du ikkje veit korleis vil reagere, så slapp av. Som oftast er det vi som påfører stress og redsel på hunden. Ikkje gjer noko “big deal” av nyttårsaftan første året. Sjå heller korleis hunden reagerer, så kan du heller gjere nødvendige tiltak neste år, rår ho. Lystad seier vidare at hundar ikkje forstår skilnaden på det å få ros og trøyst. Difor skal ein ikkje trøyste ein redd hund, for då kan hunden tru at eigaren vil ha meir av den stressa åtferda.

Dyrlege Lødemel seier at det er viktig at hundeeigaren sjølv er roleg.

– Dersom ingen av desse råda fungerer, har vi medisinar til dei hundane som slit skikkeleg. Men også her må ein ta kontakt i god tid, opplyser ho.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.