Sandra Borch til topps etter kupp

Sandra Borch og nestleiaren i Tromsø Senterparti, Marlene Berntsen Bråten, gjekk til topps på nominasjonslista til kommunevalet i 2015 etter å ha verva fleire nye unge veljarar rett før nominasjonsmøtet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avisa Nationen fortel om Tromsø Senterparti som fredag før jul var samla til nominasjonsmøte for å vedta lista til kommunevalet i 2015.

På sjølve nominasjonsmøtet fremma Borch og Bråten eit forslag om å forkaste listeforslaget som var lagt fram til møtet og heller stemme over ei ny liste der dei to hadde sett seg sjølve på topp og fjerna dagens leiar frå lista.

På det opphavlege listeforslaget var Borch på ein niandeplass og nestleiar Marlene Berntsen Bråten på plass nummer 11, mens mangeårig Senterparti-topp i Tromsø Ann-Sissel Enoksen stod som nummer 1, skriv Nationen.

LES OGSÅ: Borch tilbake i rikspolitikken

Nye stemmer frå nyverva skuleungdom
Med 35 mot 28 stemmer fikk Borch og Bråthen gjennom sitt forslag. Minst ti av stemmene kom frå nye medlemmer Borch og Bråthen hadde verva på to vidaregåande skular nokre dagar før, som også førte til fleire innmeldingar i partiet dagen før nominasjonsmøtet.

– Eg har rett og slett vore utsett for eit kupp. At dei kunne vere så sjofle hadde eg ikkje trudd, seier Ann-Sissel Enoksen til Nationen.

Då fleirtalet på nominasjonsmøtet hadde stemt ned den opphavlege nominasjonslista, kom det forslag om å utsette møtet til over nyttår, for å på den måten sikre at nominasjonen blei gjennomført i tråd med retningslinjene til partiet.

Det forslaget blei også avvist av fleirtalet på møtet. (©NPK)

LES OGSÅ: Regjeringa på løftebrotstoppen

Oppdatert: Sandra Borch svara på kritikken med dette blogginnlegget tidlegare i dag.