På årets nest siste dag avslører Meteorologisk institutt at 2014 går inn på førsteplassen som det varmaste året i Noreg i historia.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Tidlegare i desember skreiv NTB at dei siste vekene i året måtte bli svært kalde for at rekordprognosen ikkje skulle slå til. Trass i kvit jul og kalde romjulsdagar over store delar av landet stadfestar no Meteorologisk institutt at det likevel er eit rekordår vi snart kan legge bak oss.

LES OGSÅ: Mot varmerekord i Noreg

– Det er ikkje lenger nokon tvil om at året som har gått har vore varmare enn nokon gong, seier klimaforskar Hanne Heiberg ved Meteorologisk institutt til NTB. Tala viser 2,2 grader over normalen og 0,4 grader over førre rekord, som blei sett i 2011.

Heiberg fortel om ein varm vinter og vår, med februar som unormalt langt frå normaltemperaturen.

– I Finnmark var gjennomsnittstemperaturen 10 grader varmare enn vanleg, og på Svalbard såg vi ei forandring på heile 14 grader. Spesielt sistnemnde er uvanleg, seier Heiberg.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

Også i resten av verda ser året ut til å bli blant dei varmaste. NOAA (National Oceanic and Atmospheric Administration) skreiv tidlegare i desember at 2014 førebels såg ut til å bli eit rekordvarmt år verda over. Dei første elleve månadene av året var 0,68 grader høgare enn normalen, inkludert fem månader med rekordtemperatur.

Måndag 5. januar kjem Meteorologisk institutt med dei offisielle tala for årets temperaturgjennomsnitt. (©NPK)

LES OGSÅ: Dinosaurar feis verda varm

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE