Poesi i bloggform

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bloggen min har aldri vore ein slik blogg. Han ligg brakk i lange tider, så plutseleg skriv eg mykje, så ligg han brakk, skriv Kristina Leganger Iversen i ein epost til Framtida.no.

Og slik må det vere for bloggaren som ikkje er ein bloggar.

– For meg skal det vere eit pusterom, eit frirom, der eg kan skrive å gjere kva som helst, utan krav til at det må vere godt, eller at det skal måtte passe inn i noko større, ein plass å vere personleg og anonym, å dikte, å vere humoristisk og inderleg, dramatisk og patosfylt, dele musikken eg liker, dikte meg inn i alle dei songane eg synst er fine. Det kunne aldri ha vore eit frirom om eg tenkte på at det skulle bli ein god blogg, ha mange lesarar, vere jamnleg oppdatert. Denne bloggen kan berre eksistere for få lesarar, helst nesten ingen, ei lita gruppe menneske, forklarar 25-åringen vidare.

Bloggen har ikkje dei store lesartala, men Kristina tykkjer det er ganske stort og fint at det i snitt er innom eit par menneske kvar dag gjennom året.

Bloggaren som står bak den poetiske bloggen «Kviskringar» er eit tidlegare redaksjonsmedlem i Framtida.no, og har seinare skrive fleire innlegg frilans.

Det var difor ingen tvil om at ein tredel av juryen var inhabil i avgjerda. Den resterande delen av juryen likte poesiblogginga til Kristina så godt at ho er den siste vekas blogg i 2014.

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Skriblarsamfunnet
Blogginga frå bergensaren starta allereie i 2006, på ei bloggteneste som heitte Livejournal. Der mange andre såkalla skriblarar skreiv.

Med skriblarar meiner Kristina folk som skriv kreativt. I likehit med fleire av dei, har ho seinare fått skriblinga si publisert i bokform.

– Eg var sytten år og elska bøker og skreiv døgnet rundt i notatbøkene mine. Men eg kjente ikkje så mange andre som skreiv i Bergen på den tida, og desse bloggane blei eit fellesskap, av skrivande, som las kvarandre. For meg var det utruleg viktig, det fellesskapet, å få sjå korleis andre skreiv om livet sitt, eller dikta, i lange trådar av dikt og forteljingar. Ei litterær blogg er jo som ei slags bok som aldri sluttar og som aldri er ferdigskriven. Det er noko veldig fint med det.

På bloggen skriv Kristina om alt som opptar ho i livet. Det vert ei blanding av kjærleik og politikk, musikk og litteratur, glede og lengsel.

– Det er oppdikta og fiksjon og det er rett frå dagen, veka, månaden, om kvarandre. Kanskje har eg vore oppteken av det, å gjere meg sjølv sårbar gjennom skrifta, heller enn usårbar. Eg syns ofte vi er skikkeleg harde mot kvarandre, vi har så mykje krav til alt vi skal få til, alt vi skal vere, sunne, spreke, flinke, sjølvstendige. Og sosiale medium er ein så stor del av det, gjennom Facebook og Instagram og bloggar skal vi heile tida vise og fram, bygge desse identitetane, som ein slags rustning rundt oss. Kanskje var bloggen ein plass for ein annan type konstruksjon, eg trur det, at det er derfor han har fått eksistere så lenge.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Skriv! Blogg!
Forfattaren, som no er i gang med ei doktorgrad i litteratur, tykkjer heilt klart at det er for lite poesi i bloggverda.

Sjølv likar ho kreative bloggar som «Nesten som en tegneserie», Tumblr-bloggen «Pepsi Marx»og «Strekhjerte»av Linn Strømsborg.

Kva er ditt beste tips til andre bloggarar?

– Vil du skrive, så skriv, vil du blogge, så blogg. Så finn du ut av ting etterkvart. Vi er alle sårbare klumpar av hud, kjøtt og blod som vandrar rundt i denne verda, av og til kjenner vi oss uovervinnelege, men ganske mykje av tida aner vi jo ikkje kva vi driv med eller korleis vi skal få ting til. Det er heldigvis ganske allment og heilt greit, avsluttar bloggskriblaren.– Bloggen min har aldri vore ein slik blogg. Han ligg brakk i lange tider, så plutseleg skriv eg mykje, så ligg han brakk, skriv Kristina Leganger Iversen i ein epost til Framtida.no.

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.

• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.

• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)

• Kva blogg som får tittelen Verdas beste nynorske blogg blir avslørt på nyåret