Aukande internasjonal uro får fleire danskar til å gå kyrkja, viser ny forsking.

NPK
NPK

Medan det for 25 år sidan berre var 3,8 prosent av danskane som gjekk regelmessig til kyrkje, hadde talet i 2012 auka til 9,2 prosent, fortel den danske avisa Kristeligt Dagblad.

Saman med Bulgaria, Russland og Romania er Danmark det einaste landet i Europa der talet på personar som går til kyrkje ein gong i månaden no aukar, men fallet i kyrkjenedgangen har flata ut i heile Europa, fortel avisa.

LES OGSÅ: «Kvil i fred på begge sider»

Den amerikanske samfunnsforskaren og professoren Ronald Inglehart, som også er leiar for ei verdsomfattande verdiundersøking, meiner utviklinga heng saman med finanskrisa og meir uro i verda.

– Samla sett opplever befolkninga i Danmark og andre vesteuropeiske land ein aukande økonomisk og fysisk utryggleik. Teoretisk veit vi, at denne kjensla av utryggleik fører til auka kyrkjegang, og dei aktuelle tala er med å stadfesta at det faktisk skjer, seier han.

LES OGSÅ: Orda som bind oss saman

Når kyrkjegangen aukar spesielt mykje i Danmark, meiner den danske religionsforskaren Peter B. Andersen det også heng saman med evna den danske folkekyrkja har til å opna seg og inkludera mange ulike grupper.

– Den danske folkekyrkja har i større grad enn kyrkjene i Noreg og Sverige greidd å samla heile den protestantiske delen av befolkninga. Det er ein balansegang der folkekyrkja har greidd å fornya seg med ei lang rekkje alderstilpassa og målretta aktivitetar som nattkyrkje, babysalmesong og spagettigudstenester, samtidig som dei har greidd å halda fast på dei tradisjonsbevisste kyrkjekristne, som først og fremst kjem til høgmessa om søndagen, seier Peter B. Andersen.

LES OGSÅ: Slik sikrar du deg ei brannfri jul

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57
ANNONSE