Barneombodet er uroa over barnevernsberedskapen i norske kommunar. Fire av ti kommunar har ingen beredskap etter kontortid.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det viser tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), skriv Vårt Land.

Barneombodet er uroa for at barn som treng akutt hjelp på grunn av vald eller omsorgssvikt i jula, ikkje vil få det.

– Vald og omsorgssvikt mot barn skjer som regel ikkje i kontortida, då er dei gjerne på skulen. Det er helgar, kveldar og heilagdagar som er dei mest utsette tidene. Difor er det heilt uakseptabelt at så mange kommunar framleis ikkje har nokon organisert måte å hjelpe desse barna på når kontoret er stengt, seier barneombod Anne Lindboe (bildet) til avisa.

Fleire av kommunane som ikkje har barnevernsvakt på kveldstid, har alternative løysingar der politiet tek imot meldingar.

– Det er ikkje bra at politiet hentar barnet, verken for barnet eller familien, meiner Lindboe.

Kommunane vart lovpålagt å ha akuttberedskap i 2009, men ifølgje erfaringa til Alarmtelefonen for barn og unge har ikkje lovpålegget hatt nokon effekt.

– Situasjonen er nesten identisk med slik det var før akuttberedskap vart lovpålagt, seier leiaren for alarmtelefonen, Trond Sælør, til avisa.

Barneombodet meiner at barneminister Solveig Horne (Frp) må komme på bana og skjerpe inn lovgjevinga. Ho sende i sommar eit brev til kommunar og fylkeskommunar der ho peikte på at akuttberedskapen er lovpålagt.

– At så mange kommunar ikkje har rutinar for å handtere akuttberedskap er veldig alvorleg, seier ho. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE