Skal vi dømma ut frå desse vakre peparkakebygga av Taj Mahal og Eiffeltårnet, bør kanskje Vegar Heimstad (14) vurdera arkitektyrket i framtida?

Mona Grønningen, Kvinnheringen
Mona Grønningen, Kvinnheringen

Familien hans på Valen har ikkje kunna eta middag ved kjøkenbordet på nokre dagar. Der står nemleg ein peparkakemodell av Taj Mahal utstilt. På ein kommode ved sida av står Eiffeltårnet, som Vegar bygde først. Heldigvis har dei spisebord i stova.

– Vi har ikkje laga peparkakehus til jul her i huset på fleire år, derfor bestemte eg meg for at eg i år ville laga noko spesielt, ikkje berre kjøpa eit sett på butikken og setja det saman. Eg såg eit slikt Eiffeltårn på nettet ein plass, og fekk lyst å prøva å laga det, fortel ungdommen frå Valen om det ambisiøse byggjeprosjektet.

Fire kilo deig
Han har laga alle formene til dei to peparkakebygga sjølv.

– Eg såg etter bilde då eg teikna dei ulike delane. Eiffeltårnet har vel 23 ulike delar, det tok rundt ein dag å laga det. Taj Mahal har 76 delar, utanom kuplane, og tok to-tre dagar å montera, fortel Vegar.

Først teikna han dei ulike delane på millimeterpapir og klypte dei ut. Så la han dei oppå den utkjevla deigen, og skar ut delane som så blei steikt i omnen. Dei ferdigsteikte peparkake-«veggene» blei først pynta, før dei blei monterte saman med smelta sukker. Vegar har vore prosjektleiar og byggmeister, men han har henta inn litt hjelp frå foreldra. Til saman har det gått med rundt fire kilo peparkakedeig av merket Bjørken til dei to bygga.

LES OGSÅ: Stavkyrkje med peparkakesmak

– Sidan vi hadde så mykje deig igjen etter å ha laga Eiffeltårnet, bestemte eg meg for å laga eit bygg til. Då kom eg på Taj Mahal. Det blei større enn eg hadde tenkt, for deigen heva så mykje i omnen. Men elles har det ikkje oppstått problem – alt passa saman slik eg planla det.

Kuplane på Taj Mahal er dei einaste som ikkje er laga av peparkakedeig. Dei minste er isoporkuler dekte med sukkerfondant, den store er ein ballong dekt med pappmasjé og så fondant.

Colosseum?
Det er kanskje ikkje overraskande at Vegar, som går i 9. trinn på Husnes ungdomsskule, er flink i matte. Det er ein viktig eigenskap når ein skal vera byggingeniør. Han innrømmer også at han alltid har likt å byggja Lego.

– Har du bestemt deg for yrke?

– Tja. Kanskje arkitekt? smiler Vegar lurt.

– Kva var det kjekkaste med å laga desse to peparkakebyggverka?

– Eg trur eg likte best å setja dei saman, sjå bygga ta form og at det eg hadde planlagt fungerte i praksis.

Så er spørsmålet om Vegar er lei av å byggja, eller om han skal ta fatt på nye prosjekt.

– Eg trur dette får halda i år, men til neste år har eg lyst å laga noko nytt. Kanskje eg skal byggja Colosseum?

Les saka i Kvinnheringen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE