Leiaren av Studentparlamentet ved UiB er innstilt som ordførarkandidat.

Truls Grane Sylvarnes, Porten.no
Truls Grane Sylvarnes, Porten.no

Nominasjonsnemnda i Lærdal Arbeidarparti går for 24 år gamle Tommy Aarethun som sin ordførar kandidat før kommunevalet neste år.

Den unge politikaren er i dag inne i sitt andre år som fulltidstillitsvald for 15.000 studentar i Bergen og har allereie ein periode i kommunestyret bak seg. Det gjer leiar i Lærdal Arbeidarparti Kristen Olav Grøttebø trygg på at Aarethun er rett mann.

– Me byrja tidleg, og eg kan ikkje seia at det har vore vanskleg. Han er 25 år når valet går, og det er ikkje ungt i politikken, seier Grøttebø som sjølv blei spurt om å stå på lista.

– Eg føler det er på tide at me fornyar partiet. Me må sjå framover, og då er tida inne no for å gjera det. Tida mi er forbi, og eg er voldsomt glad for at Tommy tek denne utfordringa. Eg er ikkje i tvil om at han vil klara det.

Måtte tenkja seg om
Hovudpersonen sjølv studerer i Bergen og har ein bachelor i samanliknande politikk, forutan ein heil haug med ulike verv av diverse slag. Han innrømmer at han måtte tenke seg litt om då han fekk spørsmålet.

– Det er eit stort ansvar. Det er viktig for meg at lista er samansett av folk som er erfarne og nye. Eg har sete i styret dei siste åra, og det synest eg har vore veldig givande, seier han.

– Eg er jo veldig glad i Lærdal. Medan eg har studert i Bergen har eg vore med i kommunestyret og styret i Kom Heimatt, så eg har fått fulgt godt med. 

– Skal passa på Tommy
Det er framleis mykje som kan skje dei neste månadane. Det er blant anna viktig å påpeika at dette er nominasjonsnemnda sin kandidat, og at ingen er spikra før 14. januar når dette skal røystast om.

Dessutan kan ein ikkje oversjå det faktumet at Aarethun ung. Grøttebø føler likevel ikkje at dei kastar han til ulvane.

– Me skal vera der og passa på han. Me skal støtta Tommy fullt ut. Det er kanskje ein av dei viktigaste oppgåvene til me som har erfaring og vore med ei stund – at me passar på han uansett korleis det går.

LES OGSÅ: Støre: – Klart Tommy kan verte ordførar

Oppteken av unge
Det var i grunnskulen det heile byrja då Aarethun var tillitsvald i klassen. Snart kom han inn i ungdomsrådet, byrja å reise rundt i fylket og sidan har det, som han seier, balla på seg. 

Han innser at sjansen for at han blir Lærdals neste ordførar er rimeleg stor, og då gjeld det å vera godt førebudd.

– Det er ein del utfordringar med kommuneøkonomi. Det er hovudgreia å få ordna opp i det. Elles har eg vakse opp her og hatt ei fin oppvekst, og så er det slik at Lærdal er peikt ut som ein god kommune å leva i, og då må ein meina det, seier han.

– Det er viktig for meg at det er gode tilbod for ungdom, at ikkje folk flyttar. Og så synest eg det er veldig spennande det næringsarbeidet som er sett i gong. Det er noko eg vil vera med på og påverka til at det blir nye arbeidsplassar, også kompetansearbeidsplassar. Det er mange på min alder som vil heim, men då må det vera noko å komma heim til.

Les saka på Porten.no!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE