Tilbyr kvardagshjelp
Saudakvinna Lisa Jakobsson har starta eige firma – målet er å gi folk hjelp i kvardagen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert hjå Ryfylke.net
– Eg trur det er eit tilbod som kan treffa mange, noko fleire kan ha bruk for. Tilbodet er ope for alle som treng ei hjelpande hand, men er særleg retta mot eldre som gjerne treng litt ekstra hjelp i kvardagen. Eg gjer det meste. Alt frå å inspirera til trim til å hjelpa til med baking, reklamerer Lisa Jakobsson.
LES OGSÅ: Ein av fire drøymer om eiga bedrift
Nyleg starta ho enkeltmannsføretaket Lisa´s hverdagshjelp som skal tilby ei rekke tenester, som til dømes praktisk hjelp i heimen, besøk og samvere og ulike følgetenester for dei som ønsker. Sjølv trur den ferske gründeren at det er ein veksande marknad for slike tilbod i Sauda. Ho dreg parallellar til større byar der likande firma har etablert seg dei seinare åra og håpar og trur at også saudabuen har behov for slike tenester.
LES OGSÅ: Rekordmange startar bedrift
– Det er mange eldre i Sauda som bur heime og kommunen kuttar i sine tenestetilbod. Kanskje treng ein følge til tannlegen eller hjelp til å handle inn daglegvarer. Det er denne målgruppa eg rettar meg inn mot. Folk som klarer seg sjølve, men som gjerne treng litt ekstra hjelp og støtte i kvardagen, utdjupar Jakobsson.