Vil spara lærarane i kuttprosessen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje kutta i skule

Artikkelen vart først publisert hos Ryfylke

– Me vil ikkje teknisk eining eller fellestenester vondt, men det er på desse områda kutta smerter minst, seier Ivar Tangeraas, Høgre sin gruppeleiar i Sauda kommunestyre.

I rådmannen sitt budsjettforslag er det lagt inn eit kutt på 3,8 årsverk i skuleverket. Dette er lokalpartiet Høgre heilt ueinig i. I formannskapet sitt møte i slutten av november føreslo Knut Atle Seim at ein opprettheld alle stillingane ved Austarheim, Fløgstad og Risvoll skular og ungdomsskulen, og at ein heller kuttar 2,5 årsverk hos teknisk eining og 1,0 årsverk hos fellestenester. Forslaget blei nedstemt.

LES OGSÅ: Dårleg inneklima på norske skular

Tangeraas og Seim minnar om at det alt har blitt gjennomført reduksjonar i kommunale lærarstillingar dei siste åra, og at det samstundes har skjedd ein monaleg auke i elevtalet.

– Hadde me hatt ubegrensa midlar ville me sjølvsagt ha styrka alle dei kommunale tenestene. Men i kampen mellom verdiar og tenesteområde er skule og utdanning noko som må komma før det aller meste, meiner Tangeraas.

LES OGSÅ: Effekten av tospråklegheit kan vera overdriven