mm

Etter initiativ frå Unge Venstre vedtok Venstres landsstyre helga eit krav om at Etikkrådet går igjennom Statens pensjonsfond utlands (SPU), populært kalla Oljefondet, sine investeringar i selskap som driv oljeleiting eller utvinning i Vest-Sahara.

Bakgrunnen for saka er at selskap som Total og Kosmos Energy, som Oljefondet har investert store summar i, leitar etter olje i havområda utfor dei okkuperte landområda.

Oljefondet har aksjar til ein verdi av 65 millioner kroner Kosmos Energy. LO-forbundet Industri Energi har uttala til NRK at investeringane er uetiske.

LES OGSÅ: Omstridd oljeboring i Vest-Sahara

– Folkerettsstridig okkupasjon
Den saharawiske arabiske demokratiske republikk er anerkjent av 70-80 statar.

Venstre har tidlegare gått inn for at Noreg skal anerkjenna Vest-Sahara som stat.

Vest-Sahara er medlem i Den afrikanske union, men er ikke anerkjent som ein sjølvstendig stat av FN. Verdensorganisasjonen har likevel gått hardt ut mot Marokkos okkupasjon av omlag tre firedelar av landområdet.

– Okkupasjonen av Vest-Sahara er folkerettsstridig og ulovleg. Me kan ikkje ha eigarskap i selskap som opererer i dette området, seier Tord Hustveit, leiar av Unge Venstre i ei pressemelding.

Han er nøgd med gjennomslag, men vil fortsetje å presse på for handling i saka.

– Me veit at mange internasjonale investorar ser på Oljefondet når dei gjer sine eigne investeringar, og det gir oss ei moglegheit til å påverke. Om me sel oss ut kan fleire følgje etter, og nekte å bidra til folkerettsbrot, meiner Hustveit.

LES OGSÅ: Folket som ventar

Første etikkvurdering
Initiativet frå Venstre fell i god jord hjå Støttekomiteen for Vest-Sahara.

– Utsegnet frå Venstre er prinsipielt viktig, men eg skulle ynskje det kom frå regjeringshald, seier leiar Erik Hagen.

Han meiner at okkupasjonen av Vest-Sahara er eit soleklart brot på folkeretten og at verdssamfunnet, med tryggleiksrådet og enkeltstatar må leggje press på Marokko.

I 2005 var selskapet oljeselskapet Kerr-McGee det første selskapet Oljefondet trakk seg ut av etter tilråding frå Etikkrådet. Konklusjonen vart at selskapets næringsverksemd kunne bidra til å legitimere Marokkos suverenitetskrav over området og dermed undergrave FNs fredsprosess.

– Ingenting har endra seg i selskapa sine tilnærmingar til dette området, heller det motsette, meiner Hagen.

LES OGSÅ: Ungdomspolitikarar kasta ut av Vest-Sahara

Noreg åtvarar norske selskap
Dagbladet meldte seinast denne veka at det norske seismikkselskapet Seabird mottok eit protestbrev frå den saharwiske eksilregjeringa, fordi dei leitar etter olje utfor kysten av dei okkuperte landområda.

Norske myndigheiter har lenge rådd norske selskap frå all næringsverksemd i Vest-Sahara. Dette fordi det kan vere i strid folkeretten og bidra til å legitimere Marokko si framferd i området som vert kalla Afrikas siste koloni.

I 2011 rådde Etikkrådet igjen Oljefondet til å trekkja seg ut av fleire selskap som opererte i Vest-Sahara. Då var det FMC Corporation og Potash Corporation of Saskatchewan, som dreiv handel med fosfat, den andre store naturresursen området har.

Total forseinking
Pensjonskassa KLP trakk i 2013 seg ut av det franske oljeselskapet Total på grunn av aktiviteten i Vest-Sahara.

Etikkrådet sa då at Total truleg dreiv verksemd i strid med Oljefondets etiske reglar. Likevel ville dei ikkje behandla saka, sidan dei rekna med at aktiviteten i Vest-Sahara ville vere over før saka var ferdig behandla.

Det meiner leiaren i Unge Venstre at er ei dårleg unnskyldning.

– Me har store økonomiske musklar i oljefondet. Det gir oss eit ansvar for å investere etisk og forsvarleg. Å selje seg ut av Total sender eit viktig signal om at me ikkje godtek den etisk omstridde praksisen, og me må vurdere om andre verkemidlar òg bør nyttast, seier Hustveit vidare.

Ved utgangen av fjoråret var den norske eigardelen i selskapet verd 18,2 milliardar kroner, ifølgje NRK.

Tidlegare i år meldte Reuters at Total forlenga den omstridde kontrakten med marokkanske myndigheiter for å leite etter olje innanfor eit 100.000 kvadratkilometer stort område utfor kysten i Vest-Sahara.

Løpande vurdering
Leiar i Etikkrådet Ola Mestad fortel til Framtida.no at dei følgjer situasjonen i Vest-Sahara nøye, slik dei har gjort dei siste ti åra. Her legg dei vekt på at investeringar i Vest-Sahara ikkje berre skal kome dei som bur der til gode, men òg dei som er internt fordrivne.

– Det har ikkje vore nokre endringar i måten me tolkar retningslinjene på. Det er ingen boikott av Vest-Sahara, men av aktivitet som er folkerettsstridig.

Ifølgje Mestad er det mogleg det vert aktuelt å sjå på investeringane i Total på nytt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE