Får spesiallaga landslagsdrakt

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får spesiallaga drakt

Den nye logoen og det nye landslagsemblemet til Norges Fotballforbund (NFF) er eit emblem med det norske flagget, to løver og «NORGE» som skal pryda brystkassen til det norske landslaget i fotball.

Både logoen og emblemet vart presentert på ein pressekonferanse i dag, og har jamt over blitt møtt med positive reaksjonar. Men Noregs Mållag, her representert ved leiar Marit Aakre Tennø, ønskjer seg likevel eit lite tillegg.

LES OGSÅ: Mote på nynorsk

– Spelt nokre kampar med «Noreg» på brystet
På heimesidene til Noregs Mållag vert det etterlyst ei nynorskutgåve av det nye emblemet.

– Eg trur mange ville vera glade for å få ei drakt med «Noreg» på, både fotballspelarar og me andre. Det er vel heller ikkje noko i vegen for å landslaget kunne spelt nokre landskampar med «Noreg» på brystet, seier leiar Marit Aakre Tennø.

– Om eg kan få ei skjorte med «Noreg» på, skal i alle fall eg kjøpa mi fyrste landslagsdrakt, legg ho til.

LES OGSÅ: God i sidemål? Få gratiskonsert

Får spesiallaga drakt
På ein sms svarar generalsekretær for NFF, Kjetil P. Siem, at han ikkje er overraska over ønskjet til Noregs Mållag.

– Men sjølv presidenten (Yngve Hallén, red.anm) som skriv alt på nynorsk tykkjer Norge er bra, seier Siem.

– Dersom ein spelar ynskjer at det skal stå «Noreg» så er det vel språkleg jamstelling, og ønskjet vil truleg bli etterkome. Særleg om spelaren er god og bøttar inn med mål, legg han til.

– Vil ei drakt med Noreg på i så fall vera til sals? Marit Aakre Tennø seier det hadde fått ho til å kjøpa si første landslagsdrakt

– Me lyt sjå om det er ein spelar som forlangar det, men me kan spesiallaga ein til ho.

Siem bekreftar faktisk at Marit Aakre Tennø skal få ei spesiallaga drakt med «Noreg» på brystet.

LES OGSÅ: Thea (14) spelar fotball med gutane

Ein fin gest
– Det er jo heilt fantastisk, seier Marit Aakre Tennø først og ler, då ho får beskjed om at NFF vil spesiallaga ei landslagsdrakt til ho med «Noreg» på brystet.

– Men eigentleg tykkjer eg ikkje personlege preferansar til einskilde spelarar skal bestemma om det står Noreg eller Norge på drakta. Det handlar om alle i landet vårt, og at me har to jamstelte språk. Det er ikkje uvanleg andre stader at ein skriv namnet på laget eller verksemda på to ulike språk i land med fleire språk, held ho fram.

– Men at dei vil laga ei drakt det står Noreg på til meg, er jo kjempefint. Det betyr jo at det ikkje er vanskeleg å få det til, så kvifor ikkje berre lata heile laget spela med Noreg på av og til? Det er ein fin gest, og kostar dei ingenting, avsluttar Tennø.

LES OGSÅ: Meir sexy av nynorsk