Ekspertar føreslår å fjerna Elevundersøkinga, fleire rapporteringar og kutta ned på skriftlege tilbakemeldingar til elevane.

mm

Det må bli færre krav til dokumentasjon og rapportering i skulen slik at lærarane får meir tid til elevane. Det er bodskapen frå prosjektet som har sett på det samla kravet til rapportering og dokumentasjon i skulen. Kunnskapsministeren og KS vil no fjerna unødvendige krav. Sjå lista her!

– Eg vil ta initiativ til at både departementet og Utdanningsdirektoratet no kritisk gjennomgår nasjonale krav. Like viktig er at det at kommunane vurderer sine eigne lokale krav og arbeid for forenklingar, seier kunnskapsministeren.

Skuleleiarar og kommunane blir oppmoda til å avgrensa krava til skriftleg undervegsvurdering av elevane til eit minimum.

Rapporten er kritisk til gjennomføringa av Elevundersøkinga, og rår til anten å droppa undersøkinga eller å korta ho ned og gjera ho frivillig.

LES OGSÅ: Ønskjer klare pc-reglar

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og KS-leiar Gunn Marit Helgesen er opne for å vurdera forenklingar, men verken KS eller KD vil fjerna denne undersøkinga.

– Me treng god og oppdatert kunnskap om mobbing og krenkingar i skulen. Her er informasjonen frå Elevundersøkinga svært viktig. Tiltak på dette området må dessutan sjåast i samanheng med utgreiinga frå Djupedalutvalet som blir levert før påske, seier både Røe Isaksen og Helgesen.

Kunnskapsdepartementet og KS opnar for innspel på rapporten som kan føra til mindre dokumentasjon og rapportering.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE