Danmark er det landet i verda som gjer mest for klimaet, men må likevel sjå langt etter førsteplassen på klimaindeksen i år. Den er tom.

NPK-NTB-Ritzau
NPK-NTB-Ritzau
Faktaboks

Dei beste klimalanda i 2014:

1. (tom)

2. (tom)

3. (tom)

4. Danmark

5. Storbritannia

6. Portugal

7. Sverige

8. Sveits

9. Malta

10. Frankrike

 

Dei verste klimalanda i 2014:

1. Saudi-Arabia

2. Kasakhstan

3. Iran

4. Canada

5. Australia

6. Russland

7. Estland

8. Tyrkia

9. Korea

10. Kina

LES FAKTALUKK FAKTA

Ingen land er verdig førsteplassen, og heller ikkje andre- og tredjeplassen, ifølgje den årlege rapporten Climate Change Performance Index. Dermed må det beste klimalandet i verda, Danmark, nøye seg med ein fjerdeplass. På den neste plassen kjem Storbritannia, deretter Portugal, Sverige, Sveits, Malta og Frankrike.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

Sinka Saudi-Arabia
Noreg hamnar på 24. plass, mellom Luxembourg og Slovenia, av i alt 61 land. Saudi-Arabia har sisteplass, men også land som Canada, Australia, Estland, Russland og Hellas hamnar i det nedre sjiktet, der klimainnsatsen blir vurdert som svært dårleg.

At dei tre øvste plassane står tomme, er symbolet klimarørsla bruker for å vise at landa i verda ikkje gjer nok for å stogge klimaendringane.

LES OGSÅ: Noreg best budd på klimaendringar

Driftige danskar
Rapporten er offentleggjort i samband med det årlege FN-klimamøtet, som startar i Perus hovudstad Lima tysdag.

Det er tredje år på rad at Danmark hamnar på klimatoppen. Ein viktig grunn er den danske satsinga på klimavennlege energiløysingar.

Rapporten er laga av Climate Action Network Europe og German Watch. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE