Vil kutte i politikarløn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil kutta politikarløna

– Nissedal kommune må skjere i budsjettet og spare pengar. Då skal me byrje med oss sjølve, seier folkevald Tore Skåli.

I dag er løna til ei 100 prosent stilling som ordførar i Nissedal 85 prosent av det ein stortingsrepresentant tener. I mai i år blei ei årsløn som Noregs øvste folkevald sett til 865 100 kroner. 85 prosent av dette utgjer 735 335 kroner.

Ordføraren i Nissedal har 80 prosent av den heile stillinga, resten har varaordføraren. I tillegg har sistnemnde 10 prosent stilling i vervet som nest øvste folkevald i kommunen, altså 30 prosent totalt.

Medlemene i formannskapet får ei fast godtgjering på 5 prosent av godtgjeringa til ordføraren, rekna ut frå 100 prosent stilling. Ein kommunestyrerepresentant får 1 prosent av ordførarløna.

LES OGSÅ: Radøy er årets nynorskkommune

Ordførar tre dagar i veka
– Råflott, seier Skåli om nivået på godtgjeringane.

Skåli tek med at ein folkevald i tillegg får dekt tapt arbeidsforteneste. Ved berekning av denne blir det altså ikkje tatt omsyn til møtegodtgjeringa.

– Eg forventar ikkje at nokon skal tape på å vere politikar, men dei skal heller ikkje tene på det, seier Skåli bastant.

Han jobbar no med eit politisk forslag som skal vere klart på nyåret.

– Godtgjeringa til formannskapsmedlemene og kommunestyrerepresentantane må ned. Vidare meiner eg dagens 110 prosent stilling fordelt på ordførar og varaordførar må bli redusert til 60 prosent. Det er nok med ein slik prosent som ordførar i Nissedal. Ordførarløna må ned frå 85 til 75 prosent av løna som stortingsrepresentant, og i utgangspunktet kan varaordførar ha løn som eit formannskapsmedlem, seier Skåli.

Han seier at folk frå alle dei fem partia stør han i tankegangen om reduksjon i godtgjeringa til folkevalde i Nissedal.

– Men eg har også fått kjeft for forslaget mitt, legg han til.

LES OGSÅ: 16-åringane skal stemma i Eid

Fleire hundre tusen
Skåli vil bruke innsparinga blant lokalpolitikarane til å redusere underskotet i kommunen.

– Dessutan må me prøve å kvitte oss med eigedomsskatten. Vidare har eg eit mål om å spare pengar på gjennomgang av organisasjonen i kommunen, seier Skåli.

Slik han legg opp til i forslaget sitt, kjem kommunen til å spare bra med pengar på reduksjonen i godtgjering og stillingsprosent for ordførar og varaordførar.

– Me snakkar om at kommunen vil spare fleire hundre tusen kroner, seier Skåli, snart i gang med finpussen på forslaget han ynskjer skal kome opp i kommunestyret.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Invitasjon til regjeringas julebord!