Her er årets verste bistandsvideo

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kåra verste bistandsvideo

– Den verste og mest skadelige bistandsvideoen er «Save A Child», som samanliknar fattige barn med hundar. Ja, ein skal vere kreative og setje ting på spissen, men både juryen og mange andre har stempla dette som ein rasistisk og svært misvisande video, seier leiar i SAIH Jørn Wichne Pedersen, til Dagbladet. 

LES OGSÅ: Vann verdas første Rusty Radiator Awards

Om born og hundar
Tysdag kveld delte Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) ut Radiatorprisane – The Rusty Radiator og The Golden Radiator – for andre år på rad.

Med prisane ynskjer dei å setta fokus på kva haldningar hjelpeorganisasjonane vidareformidlar gjennom innsamlingsvideoane sine.

Prisen The Rusty Radiator Award går til den mest skadelege bistandsvideoen. I år var det filmen «Save A Child» frå organisasjonen Feed A Child South Africa, som fekk den tvilsame æra.

Filmen viser ei kvit kvinne mate ein liten mørk gut, som om han skulle vore ein hund. Til slutt kan ein sjå teksta: «den gjennomsnittlege familiehunden et betre enn millionar av born». 

LES OGSÅ: SAIH tar oppgjer med stereotypiar

Sjå vinnaren av The Rusty Radiator  her: 

Organisasjonen beklagar
Årets Rusty radiator-vinnar har fått så krass kritikk at produksjonsbyrået Ogilvy and Mather og organisasjonen Feed A Child har gått ut og beklaga.

Prosjektleiar for Radiator-prisane og nestleiar i SAIH, Kristoffer Kinge, meiner årets rustne prisvinnar er eit døme på at ei god sak og ein stor innsamlingskampanje kan ta fullstendig gal retning.

– Rasisme er ikkje berre noko som fantes for 200 år sidan, det er høgst til stades både i Sør-Afrika og vestlege land den dag i dag, seier Kinge, i ei pressemelding.

Prosjektleiaren meiner at både årets Band Aid-låt og dei nominerte til Rusty-kategorien illustrerer korleis skadelege stereotypiar lever i beste velgåande.

– Målet med prisutdelinga er å få slutt på svartmalande innsamlingsvideoar som speler på fordommar, seier Kinge.


Juryen meiner denne vinnaren av The Golden Radiator utfordrar stereotypiar om kven som lir.

LES OGSÅ: 32 millionar kan få synet attende

Gyllent håp
Men det finst håp – og videoar som evnar å formidla det. I år er det filmen «The Most Shocking Second A Day», gjort av britiske Redd Barna, som får prisen The Golden Radiator.

SAIH-leiaren rosar videoen, som viser ei britisk jente i korte glimt gjennom eit heilt år. I løpet av den tida ser ein den trygge kvardagen hennar forandre seg til å verte svært utrygg.

– Filmen tek krigen i Syria og viser at det kunne skjedd på heimebane. Den tek tematikken heim og utfordrar tankegangen om at det er nokon andre som lir, at det er oss og dei. Det er nettopp dette me meiner er veldig skadeleg i dei tradisjonelle innsamlingsvideoane, seier Wichne Pedersen til Dagbladet.

Vinnarfilmen har over 40 millionar visningar på Youtube.

LES OGSÅ: Er dette årets beste bistandsvideo?

Norsk nominasjon
Ein annan filmsuksess, som vart nominert til den gylne radiatoren er norske SOS barnebyar sin film om guten Johannes, som sit ute i vinterkulda og frys.

Filmen, som har over 16 millionar Youtube-visningar, får òg skryt for å setje fokus på situasjonen for borna i Syria, ved å setje det inn i ein kvardag som sjåarane kjenner seg att i.

– Mange organisasjonar har blitt meir kreative, og bruken av stereotypiar og halvsanningar i innsamlingsvideoar ser ut til å vere på tilbaketog, seier Wichne Pedersen.

Sjå filmen til SOS Barnebyar sin suksesskampanje her: