– Nyare forsking tyder å at Harald Hårfagre vaks opp i Sogn og starta samlinga av Noreg til eitt rike i Sogn, ifølgje professor.

NPK
NPK

Under eit seminar knytt til grunnlovsjubileet i regi av Hordaland fylkeskommune, blei påstanden presentert av professor emeritus ved Universitetet i Bergen, Knut Helle. Det fortel fylkeskommunen på eigen nettstad.

LES OGSÅ: – Alle er i slekt med alle

Fiendar i aust
– Nyare forsking tyder å at Harald Hårfagre vaks opp i Sogn og starta samlinga av Noreg til eitt rike i Sogn. Det første han gjorde var å ta kontroll over fjordane nord for Sogn og Hordaland i sør. Så la han under seg dei andre områda. Ved slaget i Hafrsfjord i 872 kjempa han mot fiendar som kom frå aust, austmennene, fortalde Helle mellom anna under seminaret. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE