Chirstopher Nielsen er misnøgd. Mest av alt med at alle er så misnøgde.

Ingrid Eidsheim Daae (tekst og Henrik Evertsson (foto), Universitas
Ingrid Eidsheim Daae (tekst og Henrik Evertsson (foto), Universitas

– Eg håpar eg ikkje får blomar. Eg hatar å måtta drassa rundt på blomar som uansett vert øydelagde på heimvegen. Dessutan er jo sånne avskorne bukettar enormt lite miljøvenleg, i tillegg til at det sikkert er born i Afrika som har måtta plukka dei, seier Christopher Nielsen.

Han sit på ein av dei stilige, kvite skinnstolane på eit møterom på Henie Onstad Kunstsenter i Bærum. Over ryggen på ein annan stol ligg den velbrukte, svarte dongerijakka hans slengd. Berre nokre timar står att før opninga av den største utstillinga av arbeida hans til no. På kvite veggar under det høge taket inne i galleriet er fleire av teikneseriane hans bretta ut side for side. På eit gamalt fjernsyn surrar den animerte versjonen av To trøtte typer, og lengst inne, bak ein Auschwitz-inspirert port kan ein vitja nyskapinga Misfornøyelsesparken. Til siste augneblink har han jobba på spreng, gått rundt i lokalet, oppdaga små imperfeksjonar, stressrøyka, ropt etter raudmåling og pensel.

Klokka nærmar seg opningstid. Henie Onstad fyllest av regnvåte menneske som strøymer inn frå haustmørkret. Nielsen har fått på seg dressen, opnar døra til møterommet og går ut for å møta dei. Han ser stressa ut, kanskje litt nervøs, festar blikket stivt på noko i det fjerne.

I lufta ligg ei blanding av store forventingar og ein eim av øl.

Det er professor i sosialantropologi Thomas Hylland Eriksen, ein kjenning frå Nielsens dagar i Gateavisa, som opnar utstillinga. Han snakkar lenge om Nielsens geni, den særeigne evna hans til observasjon og til å skildra det ingen andre har snakka om før.

Det vert Nielsens tur til å seia sitt. Han ser ikkje ut til å trivast under dei sterke lyskastarane som strålar mot den blanke skallen hans. Han tek eit steg ut i mørkret og held det kort.

– Dette er nokre gamle greier. Og så er det Misfornøyelsesparken, då. Men den har eg ikkje laga sjølv.

Vel, det har han jo gjort. Berre ikkje heilt åleine. Misfornøyelsesparken er eit samarbeid med dei andre i Kollektivet. Dei er ein gjeng kunstnarar som har halde saman dei siste fem åra og som deler arbeidslokale på Maskinrommet, på loftet over Rockefeller. I Misfornøyelsesparken kan ein spela rasistsjakk, prøva (u)lukka på Enarma Bankditt eller slå norske kjendis-rikingar i hovudet med slegge.

– Mykje av tematikken i Misfornøyelsesparken er misnøya i Utopia, definert som Noreg. Det er noko uspiseleg med å vera så sur og misnøgd når du har det som plomma i egget. Men det har heilt openbert med den menneskelege naturen å gjera, ein vert berre ikkje nøgd, seier Nielsen.

To dagar seinareer han tilbake i dongerijakka, og har slått seg ned nesten inst i hjørna på stamstaden Teddy’s softbar i Brugata. På bordet framfor seg har han ein øl. Ved sida av han ligg ei lakseside av typen «Vill. Skoten med pil og boge, det einaste som gjeld».

Christopher Nielsen er nøgd med fangsten frå fiskedisken, men elles ikkje med så mykje.

– Det er alltid noko å vera misfornøgd med. At eg må sitja her og jobba når eg er dødssliten. Men det er berre akkurat no då, sidan du spurde. Elles kjem det litt an på dagsformen.

Generelt er han imot mykje av det mange av oss synest er triveleg. Reising gir han seg sjeldan ut på, anna enn den årlege hytteturen som ofte går til Sverige. Mobiltelefon har han ikkje, – det er eit reint overvakingsapparat. Og di smartare telefonane vert, di dummare vert eigarane. Bursdagsfeiring, det driv han iallfall ikkje med. Då han fylde 50 gøymde han seg heile dagen for å sleppa unna gratulasjonane. Folk kan vel berre ha festar utan å feira noko spesielt. Dette med portrettintervju er han òg skeptisk til. Ein gong var ein journalist frekk nok til å skriva at han hadde eit slapt handtrykk.

Til å vera ein som meiner så mykje, snakkar Nielsen overraskande lite. Når han gjer det kjem orda langsamt. Han opnar ikkje munnen meir enn han må for å få dei ut, men greier likevel å verka bestemt. Kanskje fordi han aldri smiler.

Hadde det vore opp til Christopher Nilsen, hadde mykje vore anleis. I opningstalen på Henie Onstad hevda Hylland Eriksen at han har vorte sintare, meir politisk og meir moralsk med åra.

– Eg har alltid vore fly forbanna, eg. Eg prøver å ikkje bli sånn at eg vert meir avslepen og rundare i kantane når eg vert gammal, strir mot den klisjéen der. Eg har berre halda på barnetrua. Eg lagar ting som har eit politisk tilsnitt, på min måte.

Han har lite respekt for samfunnet me lever i, pengane me tener og måten me tener dei på. Det beste hadde vore om me avskaffa pengar heilt og halde.

– Politisk er eg jo ekstrem. Eks-tre-mist. Det er veldig sjeldan nokon er med på mine idéar.
Han ser ut til kjenna seg meir heime her, i det halvmørke og slitne lokalet i Brugata, enn han gjorde som midtpunkt på Hennie Onstad. Når han kjem til særleg viktige poeng, dunkar han neven i bordet for kvar staving han uttalar. Innimellom lener han seg fram og rapar spottande ned i telefonen som tek opp det han seier.

– Me kunne gått inn her og drukke utan å måtta ta opp pengar, til dømes. Kva representerer pengar i eit land som ikkje er produktivt? Å pumpa olje opp frå havbotnen er ikkje produksjon. Om me absolutt må ha pengar kunne me iallfall hatt borgarlønn, alle kunne fått ein fast sum i månaden. Me hadde fått eit mykje meir dynamisk samfunn med mykje større fridom.

Han ser likevel at løysinga byd på visse problem. I våre dagar vil alle, ifølgje han sjølv, helst vera superstjerner. I eit samfunn utan økonomiske insentiv kan det bli vanskeleg å få folk til å gjera alt det som faktisk må gjerast, som å ta hand om gamle og sjuke.

– Men eg har faktisk jobba med å tørka gamle folk i rævva. Har du nokon gong tenkt på kvifor det er så dårleg betalt, medan dei artige jobbane, leiarstillingar og sånt, har kjempehøge lønningar? Det burde vore omvendt! Eller alle kunne ha byta på, og gjort dei ulike jobbane etter tur.

Universitas spanderer den neste ølen, og misnøya lettar for ei stakka stund.

Nielsen vaks opp på Ulsrud og har halde seg i det austlege Oslo heile livet. Det har vorte hevda at han gjennom kunsten sin dokumenterer austkanthistorie som elles ikkje ville vorte bevart for ettertida. Men kva gjer det eigentleg med kunsten når skildringane av sex, dop, fyll og spy på Oslo aust vert tekne inn i varmen på eit prestisjetungt galleri på finaste vestkant? Er det slutten på tidenes klassereise me er vitne til?

Nielsen synest ikkje det. Foreldra var vestkantfolk. Dei flytta til Ulsrud for å leva som frie kunstnarar, men tok ofte med seg vesle Christopher til mingling med fiffen på Kunstnernes hus.

– Eg har jo kunsten godt inne. Me skilde oss litt ut på Ulsrud, var bohemar på austkanten. Me hadde ikkje så god råd, sidan far min var kunstmålar og mor mi var student då eg vart fødd. Det vart kommentert at me hadde vond mat og sånt. Folk kom ikkje på besøk til oss.

Dei tydeleg uttalte doble konsonantane på stader der ein aldri ville ha skrive det, avslører likevel at det ikkje er på vestkanten han har vore mest gjennom åra, og kunsten hans må kunna seiast å hovudsakleg ha appellert til eit publikum som skjeldan vitjar både Kunstnernes hus og Henie Onstad. Han trur likevel dei kjem til å ta turen no.

– Eg synest ikkje at rammene rundt dette her er så jævla viktige, det viktigaste er innhaldet i kunsten. Det er det som tel. Det Henie Onstad gjer er å stempla dette med at «Okei, det går an å komma med sånne ting som dette på palasset òg», liksom. Og sånn er det jo alltid med kunst. Ein byrjar på gata. Så kjem øvregheita og etablissementet når dei skjønnar at dette er stas, det er ein evig mekanisme. Det viktigaste er å halda på sitt.

Teikneseriefigurar som To trøtte typer og Narverne har vorte allemannseige. Nielsen forsikrar om at ingen av dei har noko slags slektskap til han sjølv. Med åra har figurgalleriet vakse seg langt større, og Nielsen har hatt suksess med både musikalar og film, og dessutan som forfattar. Mange har prøvd å setja han i bås som kunstnar, sjølv kallar han seg ”resirkulARTist”.

– Det er ein veldig enkel isme. Me har nådd eit førebels endepunkt for kva vår sivilisasjon greier å finna på. Resirkulartismen påstår ikkje å vera noko nytt, det er berre fortida å ta av. Det er ein syklisk måte å sjå kunsthistoria på. Eg resirkulerer mykje forskjellig, men særleg dadaisme, situasjonisme og pop art, som jo eigentleg i seg sjølv er resirkulert dadaisme.

Far hans, John David Nielsen, fortel at sonen i grunnen ikkje sa så mykje då han var liten heller. Då som no teikna han. Praten går lettast når han får snakka om kunsten og ting han irriterer seg over, det personlege vil Christopher helst ikkje inn på.

– Det er betre å få fram kunsten. Om eg skal prata kan det vel vera om eit eller anna tema, og ikkje om meg?

Likevel får han stadig spørsmål om nettopp det personlege. Aller oftast om forholdet til broren, den vel så kjende musikaren Joachim Nielsen. Han skulle fylt 50 år i år, men døydde som tung rusmisbrukar i ein alder av 36. Brørne arbeidde tett saman, og storebror Christopher gjorde Jokke til hovudpersonen i eit teikneserieunivers som fylgde platene til Jokke og Valentinerne.

– Eg har ikkje lyst til å fortelja nokon ting om Joachim, eg. Eg har fortald alt. Han har vore død i fjorten år. Då me held på var det ei heilt anna stemning. Då var me unge og ukjende og entusiastiske. No har heile opplegget mykje meir ballast i nordmenn sitt medvit.

Han har tidlegare uttalt at han kjende ei form for lette då broren gjekk bort. Åra med rusmisbruk var tunge for familien.

–Det er ein veldig slitsam situasjon, ein er mykje på randen. Blir gjerne litt sånn stressa av det, seier han kort.

Sjølv skildrarChristopher Nielsen seg som ein stor tilhengar av døden. Når det vert hans tur, kjem han til å vera godt førebudd. Han har allereie bygd si eiga kiste. Saman med eit kart over Ulsrud er ho det første som møter publikum på utstillinga hans, og ho er utstyrt med både plakatar, sprit og ein platespelar. Over høgtalarane høyrest den hese røysta til Shocking Blue-vokalist Mariska Veres: «There is a long and longsome road». Oppi har han dessutan plassert ein fullskala figur av seg sjølv, som ber preg av å ha ligge der ei god stund.

–Det var leit at eg ikkje fekk ha lukt. Eg ville gjerne dekkja alle sansane, så eg skulle ha ein liten kopp med griseblod utan lok på. Når det vert litt sånn smårote, så luktar det akkurat som lik.

Han har lita tru på at han får bruk for rekvisittane i kista i det hinsidige. Nielsen meiner eit liv etter døden er ei sjølvmotseiing, utan at han vil konkludera endeleg i akkurat det spørsmålet. Uansett håpar han å gje dei som er att moglegheita til å følgja det som er att – av han – ganske lenge etter at han takkar av. Når dagen kjem vil han leggjast på lid de parade og filmast medan han sakte rotnar opp, fortel han, tydeleg stolt over sitt eige groteske påfunn.

–Før eller sidan vil du ha filma heile prosessen, og om du klipper det saman kan du sjå mitt ferske lik bli til støv på femten-tjue minutt. Kortfilm, og så med musikk. Det tek jo mange år, eg må prøva å få finansiert det, laga ei stifting eller noko.

Nytt liv,på den andre sida, har Nielsen eit anstrengt forhold til. Han og sambuaren Kristin har vore saman i 25 år, men har vald å ikkje få born.

–Eg er veldig imot born, av mange årsaker. For det første er det så mange av dei. Dei fyller opp planeten, og så bråkar dei.

Nokon som har vorte gamle nok til å drikka øl på Teddy’s ein laurdag ettermiddag skrålar ved nabobordet, og Nielsen legg til:

– Born er kanskje søte, men så vert dei jo sånne vaksne gorillaer og bavianar.

Han synest dessutan at samfunnet tek altfor mykje omsyn til borna i dag. Å oppdra dei som prinsar og prinsesser er å gjera dei ei bjørneteneste, for ein dag kjem dei til å oppdaga at verda ikkje er laga berre for dei.

– Ein burde byrja med å fjerna barnetrygd, kontantstøtte, fødselspermisjonar, alt sånt. Vekk med det! Då hadde folk slutta med å få ungar, eller fått færre, iallfall. Dei som ikkje får ungar, sånn som meg, burde fått store skattelette og masse fordelar.

Når Universitasnokre dagar seinare møter Nielsen på ”Maskinrommet”, atelieret der Kollektivet held til, sit han vend mot veggen, bøygd over dei siste sidene av ein ny teikneserie. Å laga kunst er den einaste aktiviteten han eigentleg likar. Aller helst jobbar han sju dagar i veka. Bak han snurrar ei plate og rundt i rommet under det kvite skråtaket ligg tjukke bunkar med papir. Han dyppar pennen i svart blekk og med stø hand tusjar han over blyantlinjer og bokstavar. Kun når det er noko han faktisk vil seia, dreier han nokre grader i stolen og opprettar augekontakt.

Det er travle dagar, for Nielsen har teke sikte på Guiness rekordbok. Han skal setja verdsrekord i tal på kunstformer utøvd på eit år, og godt inne i november må han stå på for å få ferdig både teikneserien og eit radioteater han jobbar med.

– Kva gjer du på dagar du ikkje har idear?

– Det er dei færraste dagane, det. Men å laga seriar er jo mykje meir enn berre ideane. Å sitja her og tusja er som å strikka, eg kan prata med deg samstundes.

Akkurat nohar han, kanskje, grunn til å vera litt nøgd. Utstillinga på Henie Onstad er godt besøkt, faktisk har ho dei første vekene vore den best besøkte sidan Dronning Sonja stilte ut der i 2001. Omtalane i media har vore gode. For det meste. Kristian Meisingset slakta heile greia på det liberalkonservative Minervanett. Under tittelen «Hva faen ler vi av?» kalla han Nielsen ein ideologisk kunstnar ute av kontakt med røynda, slo fast at utstillinga slett ikkje er morosam og spurde kvifor i alle dagar det skulle gjevast statsstønad til denne typen kunst.

Nielsen synest kritikken er interessant.

– Eg driv jo ikkje med humor. Det høyrest ut som om han meiner at kunsten min ikkje har livets rett, fordi eg opponerer mot det samfunnet han ynskjer seg.

MANGE TALENT: Under opninga av utstillinga «Jeg er bare en enkel konseptualist fra Ulsrud» brukte professor og saksofonist Thomas Hylland Eriksen anledninga til å hylla det han kallar Nielsens geni.

Les intervjuet i Universitas!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE