Tre unge sunnmøringar redda tysk turist ned frå fjellhylle. No er dei nominerte i kåringa «Norges Helter».

Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt
Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Det var ein ganske heftig operasjon. Men eg har sprunge såpass mykje i fjella her inne at eg ikkje var redd, sa Per Kato Trandal til Møre-Nytt etter redningsdåden.

No er han, Daniel Storeide og Frode Heggen nominerte til kåringa «Norges Helter», i regi av VG, Gjensidigestiftelsen og TV Norge.

Det var om kvelden laurdag 6. september i år den tyske turisten Armin Reuteri gjekk feil veg på ein tur til Trandalsetra. Med eitt stod han fast i bratt terreng på ei fjellhylle. Etter ein strabasiøs redningsaksjon fekk dei tre lokale karane turisten i tryggheit att.

Trandalingane får skryt frå politiet.

– Det er fantastisk det dei har gjort. Dei berga denne mannen. Samtidig har dei utsett seg sjølve for fare. Eg har inntrykk av at dette er handlekraftige gutar, som gjorde det dei synest var rett der og då. Normalt ville profesjonelle folk ha vorte henta for å utføre slike oppdrag, seier stabssjef Ingmar Farstad ved Sunnmøre politidistrikt til VG.

Under følgjer saka Møre-Nytt hadde etter redningsaksjonen:

LES OGSÅ: Vill natur lokkar utlendingar

Vart redningsheltar
– Det var ein ganske heftig operasjon. Men eg har sprunge såpass mykje i fjella her inne at eg ikkje var redd, fortel Per Kato Trandal til Møre-Nytt. Per Kato Trandal (32) og Daniel Storeide (24) stod for ein bragd då dei redda ein tysk turist som stod fast i fjellet ved Ytre Trandal natt til søndag.

LES OGSÅ: Fleire turistar til distrikta

Hyttegrenda
Det var laurdag kveld ein 51 år gammal tysk turist, som bur i hyttegrenda til Karin Trandal og familien, tok feil veg på veg til Trandalsetra der han hadde lånt nøklar til Trandal-familien sitt sel. Han stod med eitt fast i bratt terreng på ei fjellhylle. I fem timar stod tyskaren på hylla som var så smal at han verken kunne liggje eller sitje der. Og han var sliten og utmatta då han vart berga. Terrenget var så utfordrande at tyskaren måtte dragast opp frå hylla, og ikkje hentast ned.

LES OGSÅ: Gründer på fottur

Sjekka
– Eg fekk sjekka om mannen var i stand til å stå nokre minutt til. Deretter måtte eg bestemme om det var han eller eg om skulle opp frå hylla i det tronge gjølet først. Eg fann ut det måtte vere meg sjølv, berre på den måten kunne eg syne direkte korleis ein burde setje føtene og finne tak, fortel Daniel Storeide til Sunnmørsposten.

Han fira seg først til terrenget nedom den skorfaste, der denne hadde gått opp. Men der var det heilt uråd å ta seg ned att. Dermed måtte han rundt og ta seg inn i fjellhylla sidevegen. Operasjonen var særs krevjande då det var trongt og altså mørkt.

– Eg måtte gje mannen eit lynkurs i knyting, på eit slags engelsk, så han kunne feste tauet rundt livet på ein sikker måte. Eg gjekk ikkje opp før eg hadde forvissa meg om at mannen faktisk kunne knyte sikringsstikk på eit tau, seier Storeide.

Eit lånt sett jaktradioar var særs gode hjelpemiddel for at redningsoperasjonen skulle gå bra.

Kompisar i reisefølgjet til tyskaren skal ha lokalisert turgåaren på fjellhylla alt i 18-tida, men alvoret gjekk ikkje opp for dei då, og det vart slått alarm først nærare klokka halv ni om kvelden. Då var det alt i ferd med å verte litt mørkt.

– Tyskaren ringde oss på hyttegrenda og fortalde at han stod fast. Utfordringa var å finne ut kvar han var. Han forklarte, og Daniel sprang opp i fjellet for å få oversikt, fortel Per Kato Trandal.

Han og Storeide kontakta politiet som kunne fortelje at dei ikkje hadde redningshelikopter eller klatrarar å sende på kanskje fleire timar.

LES OGSÅ: Får ikkje forby basehopp

Sprang
Daniel sprang nesten opp til Trandalhatten for å få oversikta. Då han keik nedover såg han eit svakt lys frå ei lykt ved ein hammer. Og til slutt fann han rett gjøl og fekk lokalisert turisten.

– Ropte de etter tyskaren?

– Ja, vi ropte ein heil del. Men fekk ikkje svar, høyrde berre sporadiske rop. Tyskaren fortalde seinare at det vart slik ekko då han ropte, at han berre kunne høyre sin eiga stemme.

I gjølet festa Per Kato tau på seg sjølv før Daniel gjekk ned. Tyskaren stod då på ei hylle mellom redningsmennene Trandal og Storeide. Til slutt klarte dei saman å få tyskaren bort frå hylla.

– Det var ikkje noko problem å kome opp i terrenget til turisten. Vi kjenner godt fjella. Men dette vart ei heftig natt.

Karane tok seg opp på ryggen til Trandalhatten, og så gjekk turen ned att.

LES OGSÅ: Me utløyser sjølv skred

Gåen
– Vi kom vel ikkje heim før i to-tretida. Tyskaren var gåen, og gjekk svært seint ned att. Han var svært glad.

LES OGSÅ: Kåra til Årets nordmann

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE