Fyrstopplaget av «Norges låver» er seld ut lenge før jul. Kanskje finn du over 1000 låvar under treet i år.

NPK-Hallvard Østrem - Andrea Nøttveit
NPK-Hallvard Østrem - Andrea Nøttveit
Faktaboks

«Norges låver»

• «Norges låver» 563 sider, Skald, 2014
• Forfattar Eva Røyrane (f. 1956), oppvaksen i Ølve i Kvinnherad, journalist i Bergens Tidende 1987 til 2013. Arbeider som prosjektleiar i eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen.
• Røyrane har tidlegare gitt ut bøkene «Ei reise i Hardanger», «Arkitekturguide Bergen» og «Fabrikkbyane i Hardanger. Husa i industrilandskapet».
• Fotograf Oddleiv Apneseth (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007.
• Apneseth har vunne fleire biletprisar, mellom anna 2.-premie i den internasjonale konkurransen World Press Photo og to gonger utmerkinga Årets bilde, som Pressefotografenes Klubb står bak. Han har medverka til 13 ulike bøker, blant dei «Jølster», 'Tvisynt tvilar» og «Eit portrett av Oddvar Torsheim». (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Boka med den fengjande tittelen «Norges låver» ser ut til å verte eit juleeventyr for det vesle nynorskforlaget Skald. Over ein månad før jul var fyrsteopplaget på 3000 eksemplar utseld. 

9. desember skal 5000 nye raude bøker vere på plass i butikkhyllene.

LES OGSÅ: Personlege traktortryner

Dei tusen låvars land
Dei siste to somrane har forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth reist landet over på kryss og tvers for å dokumentere det som finst av låvar i Noreg – eller løer som dei helst blir kalla mange stader. No er alt samla i praktboka «Norges låver» med 1001 bilete – og nokre til – av låvebygg frå sør til nord og aust til vest.

Tida var inne til å dokumentere dette sentrale bygget i det norske kulturlandskapet, som har sett farge på grender og bygder heilt sidan midten av 1800-talet. No har «landbrukets katedralar» for ein stor del mista sin funksjon på gardane, og utan ny bruk blir dei ofte ståande til nedfalls.

Folk ser på dette huset på svært ulike måtar, fortel løebokforfattar Eva Røyrane.

– Somme seier takk, at no har huset gjort jobben sin, mens andre strevar hardt for å ta det med seg vidare, seier Røyrane.

– Låven har vore ein viktig vegg i gardstunet. Så når dette huset forsvinn, er ikkje tunet det same lenger. Og dette er det mange som har snakka om når vi har vore på besøk, fortel ho.

Men for dei fleste er det altfor kostbart å halde løa ved like. Røyrane håper likevel at boka kan få fleire til å tenkje at låven er verdt å ta vare på.

– Det handlar om å bry seg om dette huset og få auga opp for at dette faktisk er ein ressurs som kan komme til nytte blant anna i ny næring på garden.

LES OGSÅ: Bryggjer øl på låven

Gledeleg overrasking
Det ser ut til at Røyrane og Apneseth har fylt eit hol i bygningskulturhistoria, som få visste at eksisterte.  For to veker sidan var det massive verket det niande mest selte av all norsk faktalitteratur ifølgje boklista.

Marknadssjef i Skald Kristine Rohde var sikker på at boka kom til å slå an, men er overraska over at fyrsteopplaget var utseld såpass lenge før jul.

Ho trur at noko av grunnen til suksessen er at låvar er noko dei fleste kjenner att.

-Nesten alle har eit forhold til gard, anten har dei slekt der eller så har dei feriert på gard i sommarferiane som barn. Låvar er eit kjent innslag i det norske kulturlandsskapet. Det er noko med det veldig norske, seier Rohde.

LES OGSÅ: Kan sauen redde verda?


Den uvanleg forseggjorde løa hans Framgards-Lars Petter i Valldal på Sunnmøre var ei stor oppleving å sjå, fortel forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth. Lars Petter Valldal brukte i 1880-åra sju år på å byggje den vakre låvebrua. Foto: Oddleiv Apneseth, frå boka «Norges låvar» (Skald, 2014)

Eit allaktivitetshus
Løa har tradisjonelt vore eit allaktivitetshus på gardane. Her har det vore fôr i øvste høgda, dyr i etasjen under og møkk i kjellaren. Men mens bruken har vore lik, har byggjestilen variert mykje frå landsdel til landsdel.

– Det er motsetningane som er det mest påfallande, seier fotograf Oddleiv Apneseth, som har tatt alle dei til saman vel 1.200 store og små bileta i boka.

– Vi har lært mykje. Vi har hatt nokre fantastiske turar, og vi har verkeleg fått sett landet, fortel Røyrane, som mellom anna lét seg overraske over at låvane kunne vere så enormt store på Austlandet og i Trøndelag.

– Ja, dei er jo så svære med svimlande høge og milelange køyrebruer, seier vestlendingen, som trødde sine barnesko i Kvinnherad i Hordaland.

LES OGSÅ: – Me er eigentleg for seint ute

– Fortener ei bok
Ideen til boka har Røyrane hatt med seg lenge, og vegen frå idé til realisering har vore lang.

– Ideen ramla ned i hovudet mitt for mange år sidan, sikkert ti år sidan, da eg tok bussen frå Trondheim til Tynset og såg desse flotte låvane som ligg som ein slags bygdeborgar oppi Gauldalen. Desse fine uthusa fortener ei bok, tenkte eg.

Da Røyrane først fleire år seinare fekk sjansen til å gå laus på det store bokprosjektet, var det første ho gjorde, å spørje fotograf Apneseth i Sunnfjord om han ville vere med. Dette måtte vere eit prosjekt som passa han, tenkte ho. Og det stemte.

– Eg sa ja før eg hadde fått veksla mellom inn- og utpust, fortel Apneseth.

Til saman har dei skrapa saman om lag 600.000 kroner frå fylkesmannskontora, Fritt Ord, Riksantikvaren, Landbruks- og matdepartementet, Norsk kulturfond og Aust-Agder Landbruksselskap. Røyrane har òg fått stipend frå Det faglitterære fond. Det har vorte nok til å dekkje reisekostnadene og litt til.

LES OGSÅ: Norske bønder får mest støtte

Mangfalds-Finnmark
Finnmark er det fylket som har gjort det sterkaste inntrykket på bokskaparane, særprega av krigen og det etniske mangfaldet som det er. Her har både samar og innvandrarar frå Russland, Finland, Sverige og dalstrøka i Sør-Noreg vore med å prege landbruket.

– Det var berre så mange overraskingar og ei veldig spennande landbrukshistorie. Vi fann fleire av desse samiske fjøsgammane, sjølv om lite stod igjen etter at alt vart brent under krigen. Og etter krigen kom desse raude firkanta typefjøsa, som det kryr av no, seier Røyrane.

I Telemark fann dei den største omsorga for låvebygga.

– Somme seier telemarkingane er så prektige og har alt slik på stell. Men det er jo sant òg. Dei tar vare på ting og målar og steller og er så tradisjonsbevisste. Det er heilt påfallande flott i Telemark, seier Apneseth.

LES OGSÅ: 19 år og gardkjøpar


Somme stader i Hardanger brukte dei lokale steinheller på taket. Denne vesle løa, som truleg er reist i 1761, ligg på klyngjetunet Rogdo i Ullensvang. Foto: Oddleiv Apneseth, frå boka «Norges låvar» (Skald, 2014)

Tak-heilagdommen i Hardanger
Men skifertaksløene i Hardanger er kanskje dei mest verdifulle låvebygga i landet, meiner Apneseth.

– Dei er spesielle fordi så mange av helletaka er intakte. Denne nærmast tak-heilagdommen i Hardanger burde det ha vore eit program for å bevare. Det har nasjonal verdi og internasjonal interesse, seier Apneseth.

Elles synest dei to det nesten er uråd å trekkje fram éi løe som meir spesiell enn andre. Men den uvanleg forseggjorde låven på Framgarden i Valldal på Sunnmøre var ei spesiell oppleving å sjå. Denne løa frå 1885 vart pynta med store golvheller i fjøset, kvitmåling i taket og ei stor og brei snigleforma låvebru. Låvebrua brukte byggmeisteren, Lars Petter Valldal, sju år på å setje opp.

LES OGSÅ: Studentar bygger opp eldhus i ferien

Står godt
Og Framgardsløa står framleis godt. Hausten 2014 vart ho restaurert med pengar frå ordninga for spesielle miljøtiltak i landbruket, Kulturminnefondet og Norsk Kulturarv. Og etter kvart skal det bli utstilling og ope hus i den gamle løa.

Men like lett er det ikkje for alle dei mange tusen låvane som berre står der. Ikkje alle kan reddast med offentlege pengar.

– Det er ikkje så mykje anna som kan gjerast, enn å finne eit behov som gjer at det lèt seg finansiere. Det er jo det mange har gjort, og det håper vi å inspirere til, seier Apneseth, som meiner det uansett er heilt naturleg at mange av løene forsvinn.

– Det er tida, det. Det er ikkje noko å grine over. Men likevel skal vi vere glade når ein del av det blir bevart, seier fotografen.

Røyrane og Apneseth har i alle fall sytt for å at den norske låven no er bevart i bokform i det minste.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE