Banar veg for heltinner

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmbransjens redningskvinne?

Det vart ei rekordhelg for den tredje av i alt fire filmar basert på «Hunger Games»-trilogien.

Ifølgje Filmweb fann 101.937 nordmenn vegen til kinosalen for å sjå «Mockingjay Part 1» i løpet av helga. Det betyr at Katniss Everdeen og resten av innbyggjarane i Panem har årets beste opningshelg på norske kinoar.

«Mockingjay Part 1» si opningshelg slo begge sine forgjengarar i same serie.

LES OGSÅ: Harry Potter skapar toleranse

Tøffare jenter
Filmvitar Anne Gjelsvik trur kassasuksessen kan bane veg for fleire sterke kvinneskikkelsar på film.

– Ei viktig endring som har skjedd dei siste to-tre åra er at nokre av dei mest populære og synlege filmane har kvinnelege hovudroller. Det vert meir actionbaserte og tøffe kvinneroller, som eg tykkjer «Hunger Games»er eit av dei beste eksempela på, seier NTNU-professoren på telefon til Framtida.no.

«Lucy», der Scarlett Johansson spelar leigemordar og Disney-filmen «Maleficent», der Angelina Jolie gir nytt ansikt til den vonde heksa i eventyret om Tornerose, er andre døme på kassasuksessar med beintøffe kvinnekarakterar.

Megasuksessen «Frozen», som har selt over ein halv million kinobillettar her heime, og storfilmen «Brave»,kan òg tyde på at Disney-konsernet har forstått verdien av handlekraftige jenter.

Gjelsvik tykkjer det går sakte framover og at det framleis er eit stykke att å gå.

LES OGSÅ: Feminisme-testen


Scarlett Johansson har tittelrolla i actionfilmen «Lucy» regissert av Luc Besson. Foto: United International Pictures

Nakne, tause og heimeverande
Ein FN-rapport om kvinners stilling i den internasjonale filmbransjen – både på skjermen og på settet – konkluderte med at bransjen er kjønnsdiskriminerande.

Under ein tredel av dei snakkande karakterane på film er kvinner.

På lerretet er kvinner i arbeidslivet i mindretal. Om lag ein av fem arbeidstakarar på film er kvinner. Berre 15 prosent av desse har roller med makt og posisjonar, går det fram av ein FN-rapporten, som vart laga av forskarar ved University of Southern California.

Studien som vart publisert i september tok for seg filmar frå Australia, Brasil, Kina, Frankrike, Tyskland, India, Japan, Russland, Sør-Korea, Storbritannia og USA.

Forskarane fann òg at kvinner oftare vert avbilda lettkledd enn menn.

Anne Gjelsvik kjenner att dette biletet i amerikanske Hollywood-filmar.

– Det er framleis slik at det er færre kvinnelege hovudroller på film, og at mannlege hovudroller har mykje større omfang. Her har det ikkje vore store endringar, tvert imot går det ikkje framover, seier filmvitaren.

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

Framtidsretta franchise
Gjelsvik trur at Katniss Everdeen sin kjempesuksess kan bane veg for fleire store kvinneroller.

– Ofte tenkjer ein litt negativt om slike franchisar, men «Hunger Games» er viktig fordi filmane har så stor økonomisk suksess. Det trur eg har ein positiv signaleffekt, seier professoren, som ikkje er i tvil om at sterke kvinner på film er viktig.

– Eg trur at framstillinga av kvinner og menn på lerretet har noko å seie for korleis ein tenkjer rundt eigen identitet. Det er fint med mange typar helteroller å identifisere seg med. Jo, fleire og meir varierte jenteroller som finst, jo betre, avsluttar Gjelsvik.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette