Kritikken har hagla mot julealbumet til Tone Damli. – I denne reaksjonen ligg det ein godt skjult forakt mot alt norsk språk som liknar nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

Tone Damli har sluppe sitt aller første album på norsk, «Di første jul». Sentralt er biletet av den nybakte mora som syng julesongar til barnet sitt, men og sognemålet – Tone Damli har teke fleire tradisjonelle julesongar og skrive dei om til si eiga dialekt.

Med albumet har og terningkasta frå rikspressa komme – og dei har ikkje vore nådige i omtalen av Tone sitt album. Terningkast to og tre har vore gjennomgåande – det reagerte lektor og nynorskentusiast Magne Aasbrenn på. Han skreiv ein kronikk til Dagbladet, som gjennom helga har blitt diskutert mykje i sosiale media.

Les heile kronikken til Aasbrenn her: Ikkje prøv deg, pop-babe!

Juleslakt
–Eg danna meg eit inntrykk før Morten Ståle Nilsen trilla ein toar i VG 12. november, noko som verkar å ha vore startskotet for eit mediedrev som går ut på at den som skal slaktast til jul i år, det er sanneleg Tone Damli, skriv Aasbrenn i kronikken med tittelen «Ikkje prøv deg, pop-babe!»

Aasbrenn har sjølv vore med i arbeidet med albumet. Han gjorde språkvask på tekstane, ein gratisjobb han ikkje legg skjul på.

– Som aktiv dialekt- og nynorskforkjempar syntest eg også det var strålande at Tone Damli no kom med ei plate på norsk. Når kritikken kom, kjende eg ikkje igjen plata, og spesielt etter innslaget i Dagsrevyen fekk eg inntrykk av at Oslo-baserte media no var ute etter å "ta" Tone Damli. Då fekk eg ein magereaksjon og skreiv kronikken på eit blunk, fortel Aasbrenn i ein e-post.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

– Eit objekt
Innslaget i Dagsrevyen som Aasbrenn siktar til, vart sendt 15. november. Du kan sjå det her.

Der blir ho, som Aasbrenn og skriv i kronikken, mellom anna spurt om kva ho tykkjer om å ha blitt eit objekt og ei klikkmaskin i media. Noko ho, i intervjuet, seier er heilt greitt.

Det er ein ting, men det Aasbrenn reagerer mest på, er det han oppfattar som ei negativ haldning til dialekt og nynorsk språk.

– Hos meldarane ante eg ein tone som gjekk ut på at det ikkje passa å gjera slikt med Jon Blund og Vinter og Sne, seier Aasbrenn.

– Det som fekk meg til å reagera, var det eg opplevde som eit mediedrev, der det blei standard reaksjon å vera lunken til denne plata, og der det såg ut – som me seier i Fredrikstad – at ein prøvde å ta spelaren og ikkje ballen, held han fram.

LES OGSÅ: Nakensjokk som lynavleiar

– Det sårar innimellom
Det har ikkje lukkast Framtida.no å få tak i Tone Damli i dag, men på sin eigen blogg skriv hoom kritikken ho har fått og korleis ho reagerte på kronikken til Aasbrenn.

– Denne varma godt hjå meg. Ein skal alltid få meina det ein vil, og kritikk er greitt, men eg må innrømma at det sårar innimellom. Derfor er det godt når slike meiningar som Magne Aasbrenn skriv om i dag får spalteplass, skriv Damli.

– Det å gjera ei plate på norsk er nytt og spanande for meg. Eg brukar dialekta mi, eg syng slik eg snakkar, ikkje korrekt nynorsk. Eg har gjort om alle julelåtene til mitt språk, skriv ho vidare.

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

Mistenkjeleggjering
– Eg mistenkjer at hovudstadspressa i botnen er imot tukling med julesongar som bør vera på bokmål, skriv Aasbrenn i kronikken.

På mail svarar han litt meir forsiktig, men han meiner mykje av kritikken kjem nettopp fordi det er Tone Damli som er artisten.

– Generelt er det jo ikkje slik at Oslo-avisene gir negativ kritikk til dialektplater, men i Tone sitt tilfelle er inntrykket mitt at det er vanskelegare for ho å gjera noko slikt fordi ho er i "pop-babe"-kategorien frå før. Då blir det lett mistenkjeleggjering og tankar om at ho gjer det ho gjer av spekulative grunnar, skriv Aasbrenn.

Noko av kritikken retta mot Tone Damli har gått på at ho vil tena pengar på dottera si, Billie.

– Elles hadde dei store hovudstadsavisene hatt mykje meir truverd i språkspørsmål om alle hadde journalistikk på begge dei offisielle norske språka, slik Klassekampen har, legg han til.

LES OGSÅ:Slik «skriv» du sognemål

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE