Medan dei industrialiserte landa legg ned kjernekraftverka, skal utviklingslanda opna nye. Kjernekraft er framtida, skriv Det internasjonale energibyrået i ein ny rapport.

Therese Sollien, Dag og Tid
Therese Sollien, Dag og Tid

Dei siste tiåra har det ikkje nett vore mange hyggjelege nyhende å høyra om kjernekraftverk. I Japan stengde dei alt av slike kraftverk etter ulukka i Fukushima i 2011, og litt seinare fylgde Angela Merkel opp ved å stengja åtte av dei sytten kjernekraftverka som fanst i Tyskland, jamvel om ho tidlegare hadde vore ein ihuga tilhengar av kjernekraft som ein grøn overgang til ikkje-fossile energikjelder, og jamvel om stenginga fekk bruken av, og soleis utsleppa frå, det sterkt ureinande brunkolet i Tyskland til å auka. Alle kjernekraftverka som er att, skal dei likevel etter planen stengja i Tyskland innan 2022, har Merkel avgjort. Mellom 2012 og 2013 åleine auka dei tyske klimautsleppa med 1,2 prosent grunna utsleppsverstingen kol.

«Ubygde kraftverker, ukjente stjerner. Skap dem, med skånet livs dristige hjerner», skreiv Nordahl Grieg, men ein må attende til syttitalet for å hugsa sist det verkeleg var stemning for å byggja fleire kjernekraftverk i dei fleste industrialiserte landa i verda i staden for å stengja dei, ikkje berre i Tyskland.

Det var Sverige som var fyrst ute med å snu i synet på kjernekraft, alt i 1980, som var året etter ulukka på Three Mile Island i Pennsylvania der reaktor to delvis smelta ned og sette i gang ei global bylgje av atomangst. I ettertida har det synt seg at helseverknadene av ulukka på Three Mile Island truleg har vore svært avgrensa, men ein tvillaus konsekvens var at kjernekraft plutseleg møtte massiv motstand i folkesetnaden verda over. Før ulukka på Three Mile Island trudde ein at kjernekraft var heilt trygt. Etter ulukka snudde alt.
I 1987, året etter Tsjernobyl-ulukka, byrja Italia nedfasinga av kjernekraftverk, Belgia fylgde etter i 1999. Sveits og Sverige har lagt ned forbod mot bygging av nye kjernekraftverk, Taiwan har sagt at dei er samde med Japan om at ein heller må sjå etter andre former for energiproduksjon av di kjernekraftverk er for farlege.

Australia, Austerrike, Danmark, Hellas, Irland, Italia, Latvia, Liechtenstein, Luxembourg, Malta, Portugal, Israel, Malaysia, New Zealand – og sjølvsagt Noreg – er alle sterkt imot kjernekraftverk, og kjem ikkje til å tillata bygging av noko slikt på eige territorium. I 1996 stod kjernekraftverk for 18 prosent av all elektrisitetsproduksjonen i verda; i dag er talet berre 11 prosent. Men tyder det at det skal verta færre kjernekraftverk i verda dei neste åra? Slett ikkje, skal ein tru Det internasjonale energibyrået (IEA).

LES OGSÅ:Meiner oljen gjer oss blinde

Framtida
Å spå om framtida er ikkje lett – før ein veit ordet av det, har nokon løyst gåta om kald fusjon og gjort alle tidlegare energiframsyningar til skamme – men IEA har likevel freista å seia noko om kvar veksten i energikonsumet skal koma frå dei neste tiåra, og svaret er ikkje i dei industrialiserte landa.

I dag ligg 80 prosent av kjernekraftkapasiteten i OECD-land. Mot slutten av 2013 fanst det 434 kjernekraftverk i verda, med ein total kapasitet på 392 gigawatt. IEA meiner biletet skal endra seg nokso dramatisk: meir enn tre fjerdedelar av den nye kapasiteten på 76 gigawatt som no er under konstruksjon, kjem i land utanfor OECD, og i 2040 skal berre 52 prosent av kjernekrafta i verda verta produsert innanfor OECD.

Sidan økonomisk utvikling typisk både er avhengig av og fører til auka energikonsum, er det i utviklingslanda energityrsta skal koma frå i åra som kjem. Tyrstast av alle er Kina.

Kol finst det framleis mykje av, og den globale etterspurnaden etter kol kjem til å auka med 15 prosent fram mot 2014, skriv IEA, men mest to tredjedelar kjem til å koma dei neste ti åra, og det er Kina som er primus motor i utviklinga: Kina skal koma til å stå for 50 prosent av den globale etterspurnaden etter kol i 2030, spår IEA.

LES OGSÅ:– Fornybart er ikkje berre reinliva

Kolureining
Kol er det som ureinar mest av alle energikjelder, og i Kina har dei alt byrja merka store helseutfordringar frå den auka etterspurnaden. Kina får heile 65 prosent av energien dei nyttar, frå kol, og nett difor har Kina massive problem med urein luft.
Berre i 2010 auka Kina kolkraftkapasiteten meir enn den tyske kapasiteten til saman. Ein kinesisk studie frå det framifrå universitetet Tsinghua i samarbeid med det kinesiske naturvernministeriet – jau, dei har eit slikt – som kom ut tidlegare denne månaden, synte at over 670.000 menneske døydde i Kina i 2012 grunna ureining, og mellom 50–60 prosent av ureininga kom frå kol og kolindustrien.

Noko må gjerast, og det byrjar å hasta. Sidan etterspurnaden etter energi berre skal auka i åra som kjem, kan dei ikkje halda fram med å nytta kol i det same tempoet utan at det vert opprør.

LES OGSÅ: Historisk klimaavtale – men kva betyr den?

Reaktorar til folket
Jamvel om japanarane stengde av reaktorane for tre år sidan, har statsminister Shinzo Abe for lengst kome fram til at dei ikkje klarar seg utan kjernekrafta. Før kjernekraftverket Fukushima Daiichi vart råka av jordskjelvet, attåt tsunamien som fekk dei dieseldrivne nødaggregata til å stengja seg av, stod kjernekraft for 30 prosent av alt energitilbod i Japan. Å stengja det som var av reaktorar på japansk jord – heile 48 reaktorar til saman – skapte store utfordringar for ein alt seindregen japansk økonomi, som måtte dekkja opp for energitapet ved å importera olje.
Difor har Shinzo Abe lagt ned mykje arbeid for å starta opp att reaktorane i Japan, jamvel om han har møtt svært mykje motstand på heimebane. Denne månaden har ein guvernør i prefekturet Kagoshima på øya Kyushu endeleg gjeve grønt ljos til å starta opp att to reaktorar.

«Alt i alt må eg seia at me framleis er avhengige av kjernekraft, og det er ekstremt viktig at me set i verk denne planen», sa guvernør Yuichiro Ito. I byen Satsumasendai, der dei to reaktorane held til, har alt røysta ja til å starta dei opp att, men alle innbyggjarane var ikkje like nøgde. Då styresmannen i energiselskapet kunngjorde at reaktorane skulle verta i drift att, stod 200 innbyggjarar utanfor og protesterte med plakatar der det stod «skam dykk» og «NEI».

Men om det har vore mykje om og men for å få opp att berre to av 48 kjernekraftverk i Japan, er stoda annleis i nabolandet Kina. Der skal dei byggja kjernekraftverk i stort monn i åra som kjem.

LES OGSÅ: Utan Kina, inga klimaløysing

Kina
IEA meiner at innan 2040 skal kjernekraftdelen av den globale energiblandinga koma til å auka til 12 prosent. Det lyder kanskje ikkje so høgt, men sidan all annan energiproduksjon skal auka samstundes, skal kjernekraftkapasiteten auka med 60 prosent jamført med kapasiteten i dag.

Sidan mange reaktorar skal stengja innan den tid – tilsvarande ein kapasitet på 148 gigawatt – skal det byggjast reaktorar med ein total produksjonskapasitet på 380 gigawatt. Dei fleste av desse kjem i India, Korea og Russland, men aller flest kjem det i Kina: Kina skal byggja kjernekraftverk som skal produsera 132 gigawatt. For å setja det heile i perspektiv produserte alle vindmylnene i Tyskland i 2009 25,8 gigawatt. Då var dei det landet i verda som produserte mest vindkraft av alle, bortsett frå USA, som produserte 35,2 gigawatt vindkraft.

Den auka kjernekraftkapasiteten i Kina kjem til å vera større enn den noverande kapasiteten i USA og Russland til saman. India skal auka kapasiteten med 33 gigawatt, Russland med 19 gigawatt, og Korea skal dobla sin kapasitet til 49 gigawatt. Samstundes som OECD-land legg ned kjernekraftverka – berre innanfor EU skal kapasiteten ned med 10 prosent – skal talet på land som produserer kjernekraft gå opp frå 31 land i dag til 34 land i 2040. Til det finst det meir enn nok uran, skriv IEA.

Miljø
Kjernekraft er kontroversielt, men IEA har rekna ut at takka vera nett kjernekraft, har verda vorte spart for eit utslepp av 56 gigatonn CO2 sidan 1971, noko som svarar til mest to heile år av globale utslepp med dagens utsleppsrate.

Sidan kjernekraftkapasiteten skal auka so mykje fram mot 2040, kjem dei sparte utsleppa til å liggja på 50 prosent i Korea, 12 prosent i Japan, 10 prosent i USA, 9 prosent i EU og 8 prosent i Kina, skriv IEA. Då kan verda spara eit globalt utslepp av CO2 som svarar til fire heile år.

Saka var først publisert i Dag og Tid.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE