Det ligg framleis an til ny global temperaturrekord i 2014.

NPK-NTB-AFP
NPK-NTB-AFP

Den gamle rekorden for oktober blei i år slått med 0,01 grader, anslo National Oceanic and Atmosferic Administration (NOAA) i USA tidlegare denne veka. Talet er basert på eit gjennomsnitt av ei lang rekkje målingar over heile verda.

LES OGSÅ: Dramatisk krymping av breane 

Rekordåret 2014
Så langt i år har mai, juni, august, september og oktober slått alle tidlegare rekordar. Oktober var varmare enn gjennomsnittet for 1900-talet for 38. gong på rad.

Også heile perioden frå januar til og med oktober er den varmaste sidan målingane begynte mange stader i verda på 1880-talet. Dermed ser det ut til at årsrekordane frå 1998 og 2010 – som var nesten nøyaktig like varme – kan bli slått.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden 

Menneskeskapte endringar
I oktober var det varmare enn normalt over nesten heile jordas landareal, med unntak av Sentral-Asia. Nye varmerekordar blei sett i Vest-Australia, Søraust-Asia, Sør-Europa, på vestkysten av USA og fleire andre stader.

Hovudårsaka til dei aukande temperaturane er menneskeskapte utslepp av klimagassar, ifølgje forskarar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57
ANNONSE