Fleire prisar til Kvinnheringen

I mai til neste år får Kvinnheringen heile fire prisar for fire ulike bidrag i European Newspaper Awards.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokalavis imponerer

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Kvinnheringen får fire prisar for følgjande sider:

Førsteside, «notisavisa» (onsdag 3. september).

Lokalavissider, ti siders reportasje om årets russebilar (fredag 9. mai).

Fotoreportasje, seks sider om Husnes konfeksjon (fredag 14. februar).

Fotoserie, portrett av «Bollo» Egil Opsanger (fredag 4. oktober 2013).

LES OGSÅ: Suldalsposten er årets lokalavis

– Eg er både overvelda og glad, det har vore eit fantastisk år for oss. Prisane i European Newspaper Award heng verkeleg høgt. Her er det 200 aviser frå 27 europeiske land som har konkurrert, og ein jury på 12 med medlemmer frå ni land som har vurdert oss. Når vi då når opp med fire prisar, truleg som den minste avisa i heile konkurransen, då vert eg stolt, seier redaktør Tomas Bruvik.

– Eg har eigentleg berre ein ting å seia: Eg har nokre fantastiske medarbeidarar. Grunnen til at vi får prisar er nok at vi samarbeider utruleg godt mellom dei ulike avdelingane i avishuset. Knakande gode journalistar og grafikarar som lagar gull av det arbeidet journalistane gjer.

LES OGSÅ: Beste lokalavisa i Europa

Dette året er Kvinnheringen sitt mestvinnande år nokosinne, og Bruvik legg til at han er veldig glad for at det er eit breitt spekter av prisar avisa har fått i år. Det er ikkje berre grafikk eller foto, men ei solid blanding av alt frå innhald til bilete og flotte avissider.

– Når vi i tillegg tek med at Husnes Storsenter fekk pris tidlegare i år, for arbeid marknadsavdelinga vår har bidrege sterkt med, då er det berre å smila, seier Bruvik.

Blant andre lokale vinnarar i Eurpoean Newspaper Awards finn ein Askøyværingen, Hordaland, Bergens Tidende og Fanaposten.

Prisane skal delast ut i Wien rådhus i mai 2015.

LES OGSÅ: Ny redaktørpris til Bjarne Tormodsgard

Faktaboks

PRISAR TIL KVINNHERINGEN I ÅR

• Journalistprisen, Haugesund Journalistlag

• Årets avisside, Landslaget for lokalaviser

• Årets foto, heiderleg omtale. Landslaget for lokalaviser

• Årets lokalavis, Amedia

• Heiderleg omtale for framside i Society for newpaperdesign Scandinavia.

• Fire prisar i European Newspaper Awards

• I tillegg var Kvinnheringen nominert til årets avisframside og var blant fem finalistframsider i konkurranse med bl. a. VG som gjekk til topps.