Det er i slike stunder ein kan vere i stand til å opparbeide ei viss forståing for desse irriterande menneska som bruker tida si på å bli sure fordi det er mykje nyheiter om tull.

mm

La det no ikkje vere tvil om det: Det er mykje nyheiter om tull.

Men eg klarer ikkje heilt å la det øydelegge dagen min. For det første fordi eg liker tull. Eg lever faktisk av det. Men også fordi noko av det siste eg vil er å bli ein av desse sure personane som ser på det som eit endetidsteikn om det er litt mykje nyheiter ein dag om ein kjendis eller ein dansekonkurranse. Det er faktisk noko av det viktigaste for meg i livet, dette, å ikkje bli eit slikt menneske.

Eg trur ikkje dei har det godt, nemlig. Eg trur dei fjasar for lite.

Les meir av Are Kalvø her

Det er klart. Eg kan klare å forstå at dei kjenner seg utanfor. For eksempel: Viss du er av den skikkelig sure typen, så er du sannsynligvis kritisk til musikk-konkurransar, i alle fall til Melodi Grand Prix, og definitivt til Melodi Grand Prix Jr, for ikkje å snakke om kjendiseri (som er eit ord sure folk gjerne bruker) og reality-tv og glitter. Så viss du er av denne typen, og for eksempel les ei nyheit om at Agnete Johnsen og Egor Filipenko har vunne «Skal vi danse», så er det du får med deg at nokon som du ikkje veit kven er og som er kjent frå fleire program du aldri har sett, har gjort noko saman med ein annan som du ikkje veit kven er, og saman har dei gått til topps i noko du aldri har sett og ikkje veit kva er.

Eg forstår at dette då er ei nyheit som gir deg heller lite.

Men så går det då også an å la det vere. Eller bruke to minutt på å finne ut kven denne Agnete og kva dette «Skal vi danse» er, så får du det kanskje litt artigare. Eller så kan du i det minste skaffe deg nok bakgrunn for eigne meiningar til å vere spydig i staden for uinteressert og sur. Det er mykje meir tilfredsstillande.

Dessutan går ein glipp av nokre rare og fine ting om ein er heilt uinteressert i tull. Du treng for eksempel ikkje ha sett eit einaste reality-program i ditt liv for å synast det er litt artig at det blir lokal politisk strid i ei vestlandsbygd fordi varaordføraren har deltatt i «Farmen» på TV2 og brukt munnen sin.

LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar

Så noko av det siste eg vil er å bli ein av desse suringane. Og eg trur det er svært sjeldan at eg er i faresonen. Men det skjer.

For plutselig ein dag får ein ei anna forståing av korleis det må vere å heile tida sjekke nyheitene og ikkje forstå kva som står der. Plutselig ein dag sitt du der med nokre timar å slå i hel – og det skjer ofte når ein som eg jobbar i frie yrke – og stikk ein tur innom nettavisene, og ser at alle nyheitene handlar om sjakk og poker.

Kva er gale med langrenn, fyllekøyring, kjendis-skandalar og reality, tenker ein.

Sjakk?! Poker?!?!

LES OGSÅ: Vil ha sjakkløft i skulen

Eg har aldri vore veldig interessert i verken sjakk eller poker. Det er natuligvis fordi eg liver eit så himla spennande liv med så mange stimulerande samtalar med så vilt interessante menneske at det rett og slett aldri har vore plass eller tid til å lære seg brettspel eller kortspel. Men det må vere greitt. Det må vere mulig å sette seg inn i ting ein ikkje sjølv er interessert i for å forstå kva andre er interesserte i. Eg vil faktisk gå så langt som til å seie at ein bør gjere det.

Eg er ikkje heilt bortreist altså. Eg veit kven Magnus Carlsen er. Eg veit at han er flink, litt mutt, ein anelse skummel, har eit lurt smil og eit imponerande hakeparti. Og at han er best i verden, omtrent. Og alt dette til tross for at han berre er ni år gammal.

LES OGSÅ: – Kva er det med sjakk?

Men det er noko med å lese alle desse nyheitene og høyre desse intervjua med folk som snakkar om noko du sjølv verkelig ikkje forstår, som minner deg om kor sjeldan dette faktisk skjer: At folk snakkar på ditt språk om ting som folk er opptatte av, og du heng ikkje med i det heile tatt.

Eg forstår at det kan vere litt irriterande.

Litt.

Det er så langt som eg kan strekke meg. Men det er og blir morsommare å gjere eit forsøk på å forstå det.

LES OGSÅ: Ungdom treng faktisk meir søvn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE